Sju vil bli kommunalsjef – fleire av dei lokale
Seljord kommune har fått inn sju søknadar til stillinga som kommunalsjef for oppvekst.
To av dei sju er busett i Vest-Telemark; Dordi Iren Fosse Didriksen (50) og August Ingvaldsen (31) bur begge i Kviteseid kommune. Dei tre andre namngjevne søkjarane er også relativt lokale, høvesvis frå Lunde, Bø og Hjartdal.
– Me er nøgde med at det kom såpass mange og gode søkjarar, og gler oss til den vidare prosessen, opplyser Seljord-rådmann Rikke Raknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Desse har søkt på kommunalsjefstillinga
• August Ingvaldsen (31) – spes. utdanna miljøterapeut – Kviteseid
• Dordi Iren Fosse Didriksen (50) – rektor – Kviteseid
• Ingvild Kyrkjebø (47) – adjunkt m/tilleggsutdanning – Lunde
• Lone Snedker Adamsen (38) – statsvitar – Bø
• Venke Raundalen (58) – assisterande rektor/miljøarbeidar – Hjartdal
• Kvinne, u. off (45)
• Kvinne, u. off (56)
Blant søkjarane finn ein seks kvinner og ein mann. To av søkjarane har bede om å bli unnateke offentlegheit.
– Tilsetjingsutvalet skal møtast onsdag denne veka, for å avklare kven som skal på intervju, samt vurdere dei som har bede om å vera unnateke offentlegheit, seier Raknes.
Rådmannen håpar dei vil ha intervju og innstilling på plass i løpet av august.