Avgiftsauke råkar friviljuge
Olje- og energidepartementet har vedteke nye forskrifter som gjer at alle utanom private hushald skal betale 800 kroner i året i avgift til energifondet. Tidlegare var avgifta 1 øre/KWh. For friviljuge lag, foreiningar og andre kan endringa få negative konsekvensar.
Tidlegare betalte private hushald og næringslivskundar 1 øre per kilowattime i avgift til energifondet. Frå 1. januar i år får alle andre brukarar enn private hushald eit påslag på 800 kroner i året per målepunkt. Det vil i praksis seie at til dømes lag og foreiningar som har lågt straumforbruk vil få ein prosentvis stor auke i utgiftene.
Dei som tidlegare betalte 1 øre/KWh kunne altså ha eit forbruk på 80 000 KWh for prisen som dei må betale i avgifter no. Forbrukarar som brukar mindre vil få auka utgifter som fylgje av endringa som Olje- og energidepartementet har gjennomført, seier administrerande direktør i Vest-Telemark kraftlag (VTK), Ketil Kvaale.
Artikkelen held fram under annonsen.
Råkar friviljuge
Det er truleg lag og foreiningar som blir hardast råka av endringa. Oppvarming av bedehus, grendehus og ljos i ljosløypene kan bli dyrare enn tidlegare. Også andre småforbrukarar utanom privathushald vil merke endringa.
Det er grunn til å tru at endringa har kome etter press frå bedrifter i næringslivet. Alle utanom den kraftkrevjande industrien har tidlegare betalt 1 øre/KWh, og med dette taket på 800 kroner, vil dei få ein betydeleg nedgang i utgiftene. At dei som verkeleg blir råka ikkje har vore med eller blitt spurt i prosessen, er beklageleg, seier Kvaale.
Avgifta går altså til energifondet, som vidare delar ut midlar til forskjellige tiltak. Det betyr i praksis at dei store bedriftene betaler mindre inn til fondet, men er dei som vil få nytte av midlane. Små forbrukarar har ikkje behov for å setje i verk energisparande tiltak i same grad, og vil derfor vere med og sponse dei store bedriftene.
Ulogisk endring
Ein kan alltids seie at 800 kroner i året ikkje er all verda, men det er nokre viktige prinsipp i denne saka som eg kan skjøne det blir reaksjonar på. Endringa er svært ulogisk, og eg bad departementet om å vente med endringane og heller sende framlegget ut på høyring slik at dei små aktørane også fekk uttale seg, seier Kvaale.
Slik blei det altså ikkje og dermed får småforbrukarar utanfor private hushald ein auke i fastleddet. Endringa kan vere eit slag i andletet for det friviljuge arbeidet og dugnadsinnsatsen i lag og foreiningar.