Fleire permitterte i produksjonsbedrift
ABB på Dalen permitterte 14 tilsette i desember 2008. I januar blei ytterlegare 10 permittert 100 prosent, medan 7 tilsette blei permittert 50 prosent. No er det berre 14 att i produksjonsbedrifta på Dalen.
Frå å vere nærmare 50 tilsette, er det no berre 14 att i produksjonsbedrifta ABB på Dalen. Finanskrisa og tap av kontraktar må ta mykje av skulda for situasjonen bedrifta har kome i.
Me produserar for divisjonane innan ABB, og det betyr at dersom dei har svikt i ordreinngangen, så får me merke det på Dalen, seier dagleg leiar Tom Kroken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Permitteringane før jol blei gjort etter dei prognosane divisjonane i ABB hadde i høve til aktivitetsnivå. Likevel viste det seg at prognosane ikkje heldt stikk.
Me har produsert mykje for lager, og med tanke på at bedrifta sentralt mista to store kontraktar til høvesvis Irland og Frankrike ved inngangen til 2009, slo altså ikkje prognosane til. Det viste seg også at lageret vårt blei bygd vidare opp i staden for ned, og då var det ikkje annan utveg enn å permittere ytterlegare, forklarer Kroken.
Han er oppteken av at bedrifta må tilpasse seg marknaden, og det er ikkje noko nytt at dei fyrste to-tri månadane på nyåret er stille.
Me har eit ansvar for å tilpasse aktiviteten etter marknaden, og det er klart at nemnde faktorar som finanskrise, tap av kontraktar og lågsesong dessverre førte til at me ikkje hadde anna val enn å permittere tilsette inntil vidare, fortel Kroken.
Han håpar aktiviteten vil ta seg opp at utover våren, men så langt har han ikkje fått signal på kva som er i vente.
Det har vore vanleg at våren fører med seg auka aktivitet. For vår del er byggeaktivitet viktig då me leverar komponentar som blir mykje bruk i mellom anna industribygg. No får me avvente situasjonen, men eg må seie det er veldig trist for dei som har blitt råka av permitteringane.
Med tanke på eigarskifte av bedrifta på Dalen, kan ikkje Tom Kroken seie så mykje enno.
Me er i ein prosess, og me har nok kome litt lenger i prosessen no. Det er framleis to interessentar som er aktuelle som nye eigarar, men per i dag kan eg ikkje seie meir enn det, avsluttar den daglege leiaren.