Glad i dyr: Venninene Jenny Haukedal Gardstad (t.v.) og Ronja Kihle Bergsland saman med kalvane Pia og Pernille.
Foto: Kari Smeland
Jenny og Ronja var på Dyrsku'n – det var også 89 500 andre
Veninnene Jenny Haukedal Gardstad (7) frå Bamble og Ronja Kihle Bergsland (8) frå Fyresdal var på Dyrsku'n saman med kalvane Pia og Pernille.
Publisert: 11.09.2022 20:00
Sist oppdatert:
12.09.2022 10:02
– Har de øvd mykje på å gå med kalv?
– Eg har øvd fem gonger, fortel Jenny.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og eg har øvd tre gonger, seier Ronja.
– Kva er viktig å hugse på når ein skal gå med kalv?
– Å ha augekontakt, og så ha kalven litt framfor oss, fortel Jenny.
Ho skal gå med kalven Pernille.
– Ho er litt vill, seier Jenny.
– Mi er ikkje så vill, fortel Ronja.
Pia og Pernille er kalvane til bestefaren til Ronja, Eivind Bergsland frå Bamble. Jenny er naboen hans i Bamble, og mykje på besøk i fjøset. Ronja har ammekyr heime på garden i Fyresdal, så dette er to jenter som er godt vande med dyr.
Bilete 1 av 17
Gunnar Haugo og Gunleik Mæland med telemarkskyr i paraden på fredag.
Bilete 2 av 17
Andrea Mæland (12) frå Flatdal saman med kalven Diva.
Bilete 3 av 17
Hallo! Ei geit frå Arabygdi vil få med seg kva som skjer.
Bilete 4 av 17
Frode B. Svaland og sonen Tarjei på telemarkskyri Krona.
Bilete 5 av 17
Dagens vinnar: Aslak Snarteland si Budokke fekk både 1.-premie og Dyrskuprisen.
Bilete 6 av 17
Tradisjon: Øivind Klausen frå Fyresdal smidde årets «Dyrsku-par» i hymens lenkjer.
Bilete 7 av 17
Rast: Det er viktig med ein kvil når ein traskar rundt på Dyrsku’n. Populært rundt bålpanna på Sterke Nils-tunet.
Bilete 8 av 17
Brudefølget: Marie Ridderhus, Øyvind Lillefosse Ofte saman med sønene Odin og Håkon.
Bilete 9 av 17
På laurdag besøkte 40 100 personar Dyrsku'n.
Bilete 10 av 17
Ja!
Bilete 11 av 17
Turid Opsund saman med NRF-kua Maiken.
Bilete 12 av 17
Varmt og godt for grisane.
Bilete 13 av 17
Endeleg: Etter tre år som ordførar kunne Beate Marie Dahl Eide endeleg ønskje velkomen til Dyrsku'n. Geir Helge Espedalen (t.v.) og Aslak Snarteland (t.h).
Bilete 14 av 17
Jon Solberg frå Bø stod for dei musikalske innslaga på fredagens opning.
Bilete 15 av 17
Gunnar Haugo mønstrar telemarkskyr.
Bilete 16 av 17
Fyrst i brudefølget var Seljord spelemannslag.
Bilete 17 av 17
Kristin Saga var kjøkemeister under laurdagens bryllaup.
Fredag var det 28 000 på Dyrsku'n, laurdag var den mest folksame dagen då heile 40 100 var innafor portane og sundag besøkte 21 500 Dyrsku'n.