Vegard Hauk Bjerkeli (f.v.), Ben Roger Elvenes, Oddrun Bakkan, Nils Gunvaldjord, Geir Halvor Haugen, Lene Tangen, Irene Særsland. Sitjande: Anne Elisabeth Nordstoga.
Vegard Hauk Bjerkeli (f.v.), Ben Roger Elvenes, Oddrun Bakkan, Nils Gunvaldjord, Geir Halvor Haugen, Lene Tangen, Irene Særsland. Sitjande: Anne Elisabeth Nordstoga.

Har aldri vore med på maken til utvikling

Banksjef Ben Roger Elvenes i Sparebanken Din strålar over utviklinga. Sidan nyttår har meir enn 1000 personar blitt nye kundar.

I februar blei det kjent at DNB kom til å leggje ned ei rekkje lokalkontor rundt om i landet. Blant desse var kontoret i Åmot. Det har Sparebanken Din dratt nytte av.

– Sidan nyttår har me fått meir enn 400 nye kundar i Åmot, seier administrerande banksjef Ben Roger Elvenes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han innrømmer at han såg moglegheiter då meldinga frå storbanken kom i vinter. To nye medarbeidarar som tidlegare jobba i DNB blei tilsett, den eine på kontoret i Åmot.

– Ei slik melding som DNB kom med er todelt for oss. Sjølvsagt er det bra for banken å vekse og få nye kundar, men det er også litt synd at ein bank trekkjer seg ut av distriktet. Det gjer at me må ta større ansvar med tanke på risikokapital, seier Elvenes.

I dag utgjer støtta til næringslivet om lag 20 og 25 prosent av dei totale utlåna. Banksjefen seier dei har lånt ut 900 millionar kroner til næringsliv i Midt- og Vest-Telemark, og understrekar at det ikkje er aktuelt å satse mot næringslivet i andre delar av fylket.

– Tapa skal skje i vårt nærområde, seier han om risikokapitalen.

270 kundar i Skien

Dei totale utlåna har auka med 550 millionar kroner sidan nyttår, av dette er 471 millionar lånt ut til privatpersonar.

Sparebanken Din har kontor i Seljord, Åmot, Bø og Skien. Alle kontora melder om fleire nye kundar sidan nyttår. I tillegg til dei vel 400 nye i Åmot, har Bø og Skien vekst på høvesvis 260 og 270 (sidan opninga i april) nye kundar. 90 har kome til i Seljord sidan nyttår.

– Langt over forventningane, kommenterer banksjefen.

– Eg har i løpet av mine 19 år i bransjen aldri vore med på maken, seier han om utviklinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elvenes seier at mange av kundane som banken mista for 4–5 år sidan no har kome tilbake. Han meiner fusjonen med nabobanken i Bø no etter tre år verkeleg har sett seg.

– Får kundane noko att for at banken no går veldig bra?

– Me dumpar ikkje prisane, seier Elvenes, men;

– Men me skal vera konkurransedyktige. Det er kundane som eig banken. Dei eig no ein solid bank som er rusta til å møte framtida, seier han.

Rosar dei tilsette

Elvenes ynskjer å rette ein stor takk til dei tilsette. Meir enn 1000 nye kundar, men berre to nye tilsette, har gjeve eit stort press.

– Dei har stått på seint og tidleg i høgt tempo, er attesten frå sjefen.

Han legg til at meir effektive system og at den digitale utviklinga gjer at banken blir bruka på ein annan måte enn tidlegare, er blant årsakene til at banken har takla den store auken i talet på kundar.

Elvenes seier banken har 16 000–17 000 kundar totalt. Sjølv om han ikkje ser noko behov for å vekse meir, reknar han med at Sparebanken Din har passert 20 000 kundar i løpet av dei fem neste åra.