Hoksrud i hardt vêr.
Hoksrud i hardt vêr.

To fotoprisar til VTB-journalistar

VTB-journalistane Geir Ufs og Randi Berdal Hagen vann fredag kveld kvar sin fotopris på Telemark journalistlag sin prisfest i Langesund.

Ufs fekk prisen for beste nyheitsbilde i Telemark i 2015 for bildet «Hoksrud i hardt vêr». Hagen gjekk til topps i kulturkategorien med bilde frå Odd Nordstoga sin konsert i Operaen i november fjor.

Om nyheitsvinnaren uttala juryen: Juryen fall for bildet «Hoksrud i hardt vêr». Bildet er tatt i eit forrykande uvêr og kolonnekjøring på Haukelifjell. Bildet er tatt frå innsida av bilen og dette gjer bildet meir spennande enn om ein hadde vore ute og tatt det. Vindaugspussarane går, Hoksrud på utsida der snøen piskar han i andletet og frontlysa på ein annan bil skapar verkeleg stemning og kjensle i bildet. Ein frys. Eit veldig godt nyheitsbilde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om kulturvinnaren uttala juryen: «Kulturbildet i år er eit bilde med verkeleg driv i. Motivet er ein av fylkets mest populære musikarar i aksjon. Ein ser at vedkommande gjev alt han har til publikum. Juryen set også pris på dei flotte fargene på scenen og andletsuttrykket på utøvaren. Ljoset gjev også ei flott stemning i bildet.

Det blei delt ut pris i seks fotokategoriar. Fredrik Pedersen frå Varden stakk av med prisane i «Sport», «Reportasje» og «Serie», i tillegg til sjølve Årets bilde-prisen for reportasjebildet: «Noen tror at Ludvig ikke er min unge». Tore Øyvind Moen, Varden, fekk fotopris i open klasse.

Thor Øistein Eriksen, Veronica Westhrin og Line Tomter frå NRK Telemark mottok Journalistprisen for sine avsløringar om First House og Telemark fylkeskommune – og det offentlege sin utstrekte bruk av konsulentar.

Odd Nordstoga.
Odd Nordstoga.
Fredrik Pedersen som fekk den gjævaste fotoprisen: Årets bilde.
Fredrik Pedersen som fekk den gjævaste fotoprisen: Årets bilde.