Vestre: Krevjande arbeid med straumstøtteordninga
Regjeringa la fredag fram straumpakken sin for bedriftene. Arbeidet har vore krevjande, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Regjeringa har hatt tett dialog med partane i arbeidslivet om dei nye tiltaka for næringslivet.
Ordningane, med mellom anna lånegarantiar og ei ny energitilskotsordning, vil truleg kunne hjelpe om lag 20.000 bedrifter i område med spesielt høge straumprisar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men arbeidet med ordninga har vore krevjande, seier Vestre.
– På den eine sida må vi unngå å skape ytterlegare press i norsk økonomi, samtidig som vi ønskjer å gi straumintensive bedrifter hjelp til å omstille seg, seier Vestre.
– Løysingane vi har komme fram til, er ansvarlege og hjelper dei mest utsette bedriftene, seier næringsministeren.
Regjeringa varslar endringar i skattereglane som skal gjere det gunstigare å tilby langsiktige og føreseielege fastprisavtalar. Forslaga blir lagt fram for Stortinget med sikte på iverksetjing frå nyttår.
– Vi oppmodar kraftselskapa til å starte konkurransen om fastpriskundane allereie no. Dette er det viktigaste tiltaket for å redusere straumkostnadene og uvissa for næringslivet, seier Vestre.
(©NPK)