Nisjebutikkane held stand
I bygdene i Vest-Telemark finst enno mange familiedrivne nisjebutikkar. Dei fem eldste på Brøløs i Seljord har ei gjennomsnittleg driftstid på nærare seksti år.
Dei er sjølvstendige, uavhengige og har eit utval som berre akkurat denne butikken har. Dei ligg ikkje i noko kjøpesenter og tilhøyrer ikkje nokon sentralstyrt kjede. I heile verda finst det ingen butikk som er som T. Tveitan, Seljord Blomster, Raff parfymeri, Bo-senteret eller Evelyns Magasin.
Utstyr og klede
T. Tveitan AS er den eldste av dei fem. Forretninga blei grunnlagt av Torleiv Tveitan i 1949. Bestefaren kom frå Strengen i Flåbygd, der han hadde vore styrar på samvirkelaget, fortel barnebarnet Tormod Tveitan. Han er tredje generasjon som driv utstyrs- og klesbutikken etter at han tok over i 2000. Då hadde faren, Sveinung Tveitan, stått for drifta sidan 1967.
Artikkelen held fram under annonsen.
Parfymeartiklar
Den nest eldste er Raff parfymeri. Innehavaren, Aslaug Nes, fortel at ho og mannen Eivind kjøpte den karakteristiske bygningen kring 1960. Bygget var då berre halvferdig, men paret ferdigstilte bygget og Aslaug starta parfymeri med ein gong – det aller fyrste i bygda.
– Hadde du noko spesiell interesse for slike varer?
– Alle kvinner synest parfymeartiklar er moro, svarar Aslaug, som fort fekk ein stor kundekrins.
Etter framlegg frå kundar utvida ho etter kvart sortimentet til også å omfatte vesker og koffertar. I mange år nå har spesialbutikken også ført helsekost.
Klesbutikk for store og små
I 1967 byrja den unge helgelandsjenta Evelyn Moen, som kom frå Ågskaret, butikk i underetasjen i Skoribygget med eit stativ med 50 kjolar. Der heldt butikken til fram til nybygget stod ferdig i 1987. I 1992 tok dottera Merethe Dalen over livsverket etter mor si. Butikken fører i dag klede både for barn, kvinner og karar.
Møblar og interiør
To år seinare, i 1969, opna møbelforretninga Bo-senteret. Det var Kaspar Sigstad som grunnla verksemda. Han kjøpte tomta på 1950-talet og dreiv snikkarverkstad og Seljord trevarefabrikk. Den tidlegare sløydlæraren og møbelsnikkaren meinte det var trong for ei større møbelforretning i Seljord, og i 1969 stod bygget ferdig. Butikken opna same hausten. I 1983 blei butikken utvida med eit nytt bygg, samt lager.
Sonen Tore arbeidde i butikken frå starten av, og tok gradvis over. Han er nå dagleg leiar av verksemda.
Blomar og gåver
Seljord blomster, som nå held til i det som ein del bygdefolk framleis kallar Fjalestad-bui, starta alt i 1979. Då opna Gerd Berg blomsterforretning i ei Buen-hytte som stod plassert mellom hotellet, den gongen Gjestgjevargarden, og Vefall-bui, den gongen kolonialbutikken Smilet. Seinare flytta butikken til underetasjen i Arnestadbygget, der brannstasjonen held til nå. I 1980 overtok Gunnstein Berge gravferdsbyrået etter Bjarne Waale, og dreiv dette saman med blomsterbutikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dottera Heidi, som var tilsett i verksemda, kjøpte blomsterbutikken i 1996 og flytta til lokalet der ho har halde til sidan. Faren Gunnstein dreiv gravferdsbyrået fram til 2003.
Kjelder: vtb.no og innehavarane