Om politikarar som hoppar. Svar til Irja Godal
22. september hadde Irja Godal eit innlegg i VTB der ho kritiserer politikarane i Vinje for å gjere som næringslivet seier, og fjernar skibruer på Rauland frå planen. Det å kritisere dette får vere Irja Godal sin inngang til politisk arbeid. Eg har ein heilt annan inngang. Eg meiner noko av det viktigaste i mitt politiske arbeid er å lytte til næringslivet. Ha dialog med næringslivet. Høyre om utfordringane til næringslivet, og sjå kva eg som politikar kan gjere for å hjelpe næringslivet.
Vidare vann dei som ikkje ville ha fleire hytter på Rauland fram politisk ved at alle nye hytteområde i planutkastet blei teke ut av planen. Grunnlaget for at meir infrastruktur som skibruer og flytting av kryss låg inne i planen var at planen la opp til fleire hytter på Rauland, og ein meinte då at det var trong for meir infrastruktur. Når vi no enda opp med ein plan fri for nye hytteområde, er det heilt naturleg å sjå på nytt på trongen for meir infrastruktur som hadde fleire hytter som premiss.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til slutt i sitt innlegg skriv Irja Godal at utbyggjarane ikkje har ytt noko. Også her ser Godal og eg heilt ulikt på røyndomen. Det er nok å spørje seg kven som har bygd skiheisanlegga med varmestoger i området.
Jon Rikard Kleven
ordførar i Vinje