Ap-ordførar: – Det er ingen tvil om at regjeringa har tatt for mykje Møllers tran
Regjeringa Ap og Sp har varsla at dei vil ha inntekter frå sal av konsesjonskrafta, som fram til nå alltid har gått inn i kommunekassene. Fyresdalordførar Erik Skjervagen (Ap) er ikkje blid for ei ny og uventa løysing han meiner vil gå ut over kommunale tenester.
Nyleg la regjeringa fram planar om å hente 33 milliardar kroner til statskassa, i hovudsak gjennom skattlegging av kraft- og havbrukssektorane. Grunnrenteskatten skal auke frå dagens 37 prosent til 45 prosent på eitt år. Vidare er planen til regjeringa å gjennomføre eit eittårig trekk på til saman 3 milliardar kroner frå kommunar og fylkeskommunar som har inntekter frå konsesjonskraft.
Forslaga frå regjeringa har skapt sterke reaksjonar frå kraftkommunane. Til VTB har Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) uttala at han har mista fullstendig trua på distriktspartiet Sp. Med forslaga frå regjeringa kan Vinje få eit potensielt inntektstap i hundremillionarsklassa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kan ikkje stole på regjeringa
Kva seier så Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen om dei ferske grepa til regjeringa?
– Det er ingen tvil om at regjeringa har tatt for mykje Møllers tran når det gjeld inndraging av pengar frå vasskraftkommunar, er orda Skjervagen byrjar med.
Han minner om at kommunane har ei bindande avtale med kraftselskapa der fyrstnemnde har rett på inntil ti prosent av produsert kraft (konsesjonskraft) i kommunen til sjølvkostpris. Gevinsten ved salet av konsesjonskrafta går inn i kommunekassene.
– Regjeringa kan ikkje nå plutseleg seie at avtala ikkje gjeld lenger. Det regjeringa gjer er upåliteleg. Me kan ikkje stole på dei, og det er farleg, ristar ordføraren på hovudet.
Mistar eigedomsskatt
I år trur Skjervagen Fyresdal kommune får 20 millionar kroner i inntekter frå sal av konsesjonskraft. Summen går ned til rundt 15 millionar kroner neste år, fordi det ikkje lenger er datasenter i bygda.
– Viss det verste skjer får me inndradd alle inntektene frå sal av konsesjonskraft neste år. Då forsvinn rundt ti prosent av det totale budsjettet for Fyresdal kommune, og det vil få fylgjer for dei kommunale tenestene, seier ordføraren.
Noko anna han reagerer på er forslaget frå regjeringa om stor auke i grunnrenteskatten.
– Då kan ein risikere at kraftselskapa ikkje byggjer nye prosjekt, for lønsemda blir dårlegare. Og når grunnrenteskatten stig, blir eigedomsskatten frå kraftverk redusert. Det får me som kommune svi for, seier Skjervagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Omfordeling
Han er klar på kva ynsket til regjeringa vil føre til.
– Dette er omfordeling frå distriktskommunane til andre kommunar.
– Er du skuffa over forslaga til regjeringa?
Ordføraren tenker seg om, før han svarar dette:
– Det eg har kome med nå er ein bra kritikk av regjeringa.
– Skal du reagere på forslaga frå regjeringa Ap og Sp?
– Eg har alt snakka med Ap-stortingsrepresentantane Lene Vågslid og Terje Aasland frå Telemark, svarar ordføraren fort.
Finanspolitisk talsperson for Senterpartiet, Geir Pollestad, uttala i samband med kritikken frå Vinje-ordførar Kleven at landet er i ein krevjande situasjon som fylgje av krigen i Ukraina, dei høge straumprisane og den generelle prisveksten. Ha sa også at regjeringa no vil gå i dialog med kommunane om statsbudsjettet, som dei er «opptekne av å ha ein klar distriktsprofil» på.