Randi og Inger Johanne føler seg trygge: – Nå blir det revy igjen
Til våren blir det revy igjen på Granvin. Arbeidet er alt i gang, men det er behov for fleire til å bidra.
– Og me treng fleire enn dei som ynskjer å stå på scena – me treng sufflør, scenearbeidar og folk til å hjelpe med kostyme, trekkjer Inger Johanne Kåsa fram som døme på kva det er behov for.
Ho er blant dei som ikkje ynskjer å stå på scena, men vil gjerne bidra med alt det andre som må vera på plass for at revyskodespelarane skal vera best mogleg førebudde slik at heile Seljord kan få seg ein god latter i kulturhussalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saman med Randi Nordskog har ho invitert VTB for å avsløre at det igjen blir revy i regi av ungdomslaget.
– Det ser ut som det blir revy, ja, seier Kåsa.
– Det er så mange som er gira. Så mange er positive og vil at det skal bli ein revy. Eg er gira sjølv, men veit det er mykje arbeid, legg Nordskog til.
Kjell Hartberg tok det fyrste initiativet til å få i gang revyen att. På det fyrste møtet i revygruppa kom ideane raskt. Ei A4-side blei fylt.
– Når du sit der og drodlar saman kjem ideane raskt, seier Kåsa.
Kåsa og Nordskog håpar å få med mange, og gjerne frå den yngre garde.
– Det er forferdeleg moro med revy! Responsen når du får frå salen når du treff … Det er noko med det å glede andre – få folk til å kome saman og le, seier Nordskog.
Ho var fast inventar på scena då det var revy på 17. mai i Seljord. I ti år var dette tradisjon i bygda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har ikkje vore revy i Seljord sidan 2008, så vidt me har funne ut. Nordskog seier eldsjelene er heilt avgjerande for å klare å gjennomføre ein revy – som krev mykje arbeid og tek mykje tid – men som er særs givande, kan ho love.
Neste møte i revygruppa blir neste veke, og Nordskog og Kåsa håpar mange tek turen til Granvin for å stake ut den vidare vegen mot premieren som truleg blir etter påske i 2023.
– Er det nok stoff å ta av for å lage revy i Seljord?
– Jaha!
Seier Randi. Og ler, før ho byrjar å ramse opp potensielle revynummer.
Så får me vente til våren for å sjå kva som blir dei endelege sketsjane som skal setje latterdøra til seljordingane på vidt gap.