Lårdal Ætt og Heim
Sundag 14. desember 2014 vart dei fyrste bindi av bygdesoga for tidlegare Lårdal herad lansert på Høydalsmo samfunnshus. Desse tri bindi tek fyri seg gardar og grendir i Høydalsmo sokn. I ettertid hev bøkene fenge gode omtalur i både Varden og Telemarksavisa, og mange einskildmenneske hev gjeve eineståande gode attendemeldingar. Lokalavisa vår i Vest-Telemark kom derimot ikkje på banen fyri laurdag 25. april 2015. Det VTB då hadde å melde om, var at Tokke kommunestyre i møtet 21. april, med ordføraren si dobbeltrøyst, hadde stoppa det vidare arbeidet med bygdesoga «i si noverande form».
Etter dette hev det i VTB vore fleire lesarinnlegg, og her vil eg nytte høvet til å seia hjartans takk til Torfinn Syftestad, Olav Nordstoga og Veslemøy Mandt Andersen for saklege og gode innlegg. Dei hev alle sett seg inn i saki og tydelegvis skjøna kva som er i ferd med å skje. Tokke kommune sparkar ein sogeskrivar som me skal leite lenge etter å finne maken til, om han i det heile finst? Bygdebøkene for Lårdal herad er eit storverk som vil stande som noko av det beste som nokon gong hev vorte skrive på dette området.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når det gjeld innlegget frå Veslemøy Mandt Andersen, vil eg stogge ved noko ho skriv, og eg siterer: «Medhjelparane har og lagt ned enormt mykje arbeid og heilt gratis! Fantastisk!»
Ho siktar her til medlemene i bygdesogenemndi og nokre andre. Dei same personane hev sete i nemndi sidan uppstarten i 2000, og det er sant som ho skriv, at dei hev lagt ned eit enormt arbeid. Nærare 10 000 bilete er samla inn, scanna og registrerte, tuftine til nærare hundre attlagde husmannsplassar er leita fram og registrerte, og mykje meir.
Og liksom Veslemøy trudde me det var gratisarbeid. Dette var arbeid me gjorde fordi me var interesserte, og fordi me såg det som eit verdfullt og viktig arbeid for notidi og framtidi. Gjennom desse åri hev me vore med på rundt 30 møte i bygdesogenemndi. Ingen hev sendt inn reiserekning eller noko anna form for godtgjersle. Det einaste me hev fenge, er dei tri bøkene etter kvart som dei var ferdig trykte, ei i 2013 og to i 2014, den siste på lanseringskvelden. Og so fekk me ein blomebukett av ordføraren den same kvelden.
Utpå nyåret kom Judaskysset,lønsmelding frå Tokke kommune, inntekt kr 2000 for bygdesogearbeidet. Det tilsvara utsalsprisen for dei tri bøkene me hadde fenge. I klårtekst tyder det at me etter idealistisk gratisarbeid i femten år, skulle betala skatt av bøkene me hadde fenge. Hadde eg visst at dette kunne reknast som løn, hadde eg sjølvsagt aldri teke imot bøkene, men heller kaupt dei. Framleis kan eg levere bøkene attende, men å få Tokke kommune og Skatt Sør til å snu, trur eg er like vanskeleg som å få Støylsdalsåi til å renne motstraums. Det kan aldri nytte!
Det er mange måtar å seia takk på. Utakk er verdi si løn, heiter det. Det ordet stend til sanning. I mine augo er dette det mest smålege og stakkarslege eg hev opplivd i livet mitt. Hadde tenestefolki i Tokke kommune havt eit minstemål av folkeskikk, hadde dei sendt oss ein varm takk for det ueigennyttige arbeidet vårt gjennom 15 år og presisert at bøkene ikkje er løn for arbeid, men ei liti, symbolsk påskjøning for innsatsen, der tanken på løn aldri hev vore tenkt.
Arne T. Aabø
(leiar i bygdesogenemndi 2000-2008).