Ei vandring som forandrar livet
Fyrste gong Kine Aune var med på pilegrimsturen «Å vandre med håp» hadde ho ikkje vore utanfor døra på åtte år.
Måndag la pilegrimar igjen ut på reise frå Grunge kyrkje. Den fyrste vandringa for psykisk helse var i 2008. I år gjekk fyrste etappe i to robåtar frå kyrkja til Edland måndag.
Ein av deltakarane er Kine Aune, opphavleg frå Rjukan. Ho er med for femte gong.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Du må gjerne kalle meg veteran, smiler ho.
– Korleis kom du med på denne vandringa?
– Før eg var med for fyrste gong hadde eg ikkje vore utanfor døra mi på åtte år. Til og med maten handla eg via nettet. Takka vere Seljord DPS blei eg ein del av dette, og dei oppmoda meg om å vere med. Til slutt gav eg opp maset deira og sa ja. Då eg dukka opp i Grunge kyrkje med berre ukjente folk, var det frykteleg vanskeleg. Eg hadde berre lyst til å reise heim att, fortel ho.
Det var berre Eilev ho kjende litt frå før. Ho syntest heller ikkje at gåturen var noko særleg – i alle fall ikkje i byrjinga.
– Det var rett og slett forferdeleg. 15 kilometer på beina fyrste dagen, eg trudde eg skulle døy fleire gonger undervegs. Eg hadde blodsmak i munnen, og var vel fast bestemt på å gje meg etter fyrste dagen. Men så var det noko med å få valuta for pengane. Dei tre fyrste dagane var eit slit, vedgår Aune.
Stola ikkje på nokon
– Det handla om å ta eitt steg i venda og kjenne at du kom deg framover. Kjensla over å meistre blei overveldande og mykje av grumset eg hadde i hovudet forsvann. Hugs at eg ikkje stola på eit levande menneske. Kva skulle eg gjere når me skulle over ei elv der eg måtte ha hjelp? Skulle eg plumpe uti og bli blaut eller skulle eg ta i mot ei hjelpande hand frå Eilev? Eg tok handa hans, og eg må seie at eg ikkje har slept ho den dag i dag. Det har blitt eit vennskap for livet – ufatteleg, seier ho.
Livet hennar har endra seg til det betre, og ho tør å stole på folk. I alle fall til ein viss grad.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vandringane har gjort meg ufatteleg godt. Eg bruka 17 tablettar dagleg før eg var med på dette. Eit halvt år etter fyrste vandringa var det slutt på tablettbruken, smiler ho.
Som eit bilete av livet
– Kva tenkte du på når du såg kyrkja i Røldal, endepunktet for vandringa, fyrste gongen?
– Eg kjende skrekkblanda fryd. Eg var så glad for å ha nådd målet, men samstundes var eg lei meg for at me var framme. Vandringa var fantastisk, og stikkord er varme, kjærleik, samhald og venskap. Me blei som ein stor familie alle saman. For meg var det som å få livet tilbake. Og om Eilev kan eg seie at han er så mykje meir enn ein skinhead, han har forandra livet mitt, svarer ho med eit smil.
– Pilegrimsvandringa er som eit bilete av livet. Det går opp og ned, hit og dit, men til slutt når me målet, sjølv med omvegar, avsluttar Kine Aune.
Siktar mot neste år
Det er stort sett folk frå Vest-Telemark som er med på vandringa. Talet på vandrarar og medvandrarar varierer undervegs. Det er ikkje alle som har helse eller høve til å vere med heile vegen frå Grunge kyrkje til Røldal kyrkje.
Espen Hovland frå Dalen er med for fyrste gong.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det blir truleg berre denne fyrste etappen for meg. Eg har nemleg hatt ein operasjon i lysken, så eg må nok ta det roleg. Men neste år satsar eg på å gå heile vegen, seier Hovland.
«Å vandre med håp»
Pilegrimsvandring frå Grunge kyrkje til Røldal.
Psykisk helse i Tokke, Vinje, Seljord, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal, i tillegg til distriktspsykiatrisk senter i Seljord (DPS), arbeidsmarknadsbedrifta Kvito og Prostidiakonen i Vest-Telemark samarbeider om denne vandringa.