Ingen alternative samanslåingar

Nissedalordførar Halvor Homme ser det som usannsynleg at Seljord kommunestyre kjem til å seie ja til forslaget til intensjonsavtale der tanken er å byggje ny kommune saman med Kviteseid og Nissedal.

– Når det er så lunken haldning i Seljord til avtala me har jobba fram, trur eg ikkje avtala har meir liv i seg, seier Homme.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har du tru på at Nissedal kjem til å slå seg saman med nokon?

– Nei, og det har eg vel sett på som lite sannsynleg heile tida at vil skje. Og no er det ikkje samanslåingsalternativ att for Nissedal, svarar ordføraren.

Fyresdalordførar Erik Skjervagen er klar for å skrinleggje saka om kommunereform, og tippar kommunestyret i neste møte kjem til å gjere det same.

– Me er ferdige med denne saka, seier Skjervagen.

– Har de drive med spel for galleriet for å tilfredsstille regjeringa?

– Kva skal eg seie? Mange har gjort det. Det er trusselpolitikk frå regjeringa om at me måtte jobbe med saka om kommunereform. No skal eg konsentrere meg om andre ting, og det har eg villa lenge, svarar ordføraren i Fyresdal.