Fyresdalordførar Erik Skjervagen (t.v.) og rådmann Ketil O. Kiland har tidlegare stått på for å behalde det lokale lensmannskontoret. Løysinga i eitt år framover kan bli to betjentar og ingen lensmann der. (Arkivfoto)
Fyresdalordførar Erik Skjervagen (t.v.) og rådmann Ketil O. Kiland har tidlegare stått på for å behalde det lokale lensmannskontoret. Løysinga i eitt år framover kan bli to betjentar og ingen lensmann der. (Arkivfoto)

Får betjent – ikkje lensmann

Erstatninga Fyresdal får medan lensmannen er i permisjon, ser ut til å bli ein betjent nummer to ved det lokale kontoret.

Lensmannen i Fyresdal har byrja på eitt års permisjon frå jobben i kommunen. Vikariatet blei lyst ut. Det var to søkjarar som melde interesse, men ingen av dei blei sett på som kvalifiserte for stillinga.

– Me har ikkje lensmann no, stadfestar Erik Skjervagen, ordførar i Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har vore i dialog med regionlensmannen i Bø om saka.

– Regionlensmannen kom med forslag om at me heller får ein lensmannsbetjent, og at me har felles lensmann med ein av dei andre kommunane. Eg motsette meg ikkje det forslaget, seier Skjervagen om ei mellombels løysing fram til 1. mars neste år.

Ordføraren reknar med at det kjem på plass ein betjent snart på kontoret i Fyresdal sentrum.

– Det primære er at han bur her og er aktiv i lokalsamfunnet, ser Skjervagen som det viktigaste.

Når politireforma er sett ut i livet for fullt om ikkje alt for lenge, trur ordføraren det vil gå bra med det lokale lensmannskontoret.

– Eg har relativt godt håp om at me får behalde lensmannskontoret. Me ligg slik til at det bør vere lensmann her, seier Skjervagen.