Klare signal om å avslutte psykologsamarbeid
Ordførarane i Nissedal og Fyresdal signaliserte at dei ikkje er interesserte i å samarbeide om interkommunal psykologteneste i Vest-Telemark, men fleirtalet i regionrådet vil sjå evalueringsrapporten før dei konkluderer.
Sidan mars 2010 har det vore tilsett interkommunal psykolog i Vest-Telemark. Kviteseid kommune som vertskommune fekk innvilga søknaden om prosjektmidlar frå Helsedirektoratet i tre år. Staten har løyvd totalt 950 000 kroner. Kommunane har bruka vel ein million kroner på prosjektet som blir avslutta til sommaren. Ingen kommunar har sett av midlar i budsjettet til eit framleis samarbeid.
Vest-Telemarkrådet (VTR) diskuterte tysdag framtida for tenesta, og om ho skal bli ein permanent del av helsetilbodet i kommunane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ventar på evaluering
Fleirtalet i Rådet, Vinje-ordførar Arne Vinje (SV), Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen (H) og Kviteseid-ordførar Torstein Tveito (Sp), meinte det var for tidleg å konkludere. Dei ville avvente den statlege evalueringsrapporten som er klar om kort tid.
Det vil vera synd å bestemme seg før rapporten er ferdig. Eg seier ikkje at Seljord vil gå for vidare samarbeid, men evalueringa er ikkje gjort og grunnlaget for å avslutte prosjektet no er for tynt, meinte Sundbø Abrahamsen.
Arne Vinje fylgde opp med at dei faglege tilbakemeldingane er at lågterskeltilbodet fungerer bra, og gav uttrykk for å vente på evalueringsrapporten.
Det såg verken Nissedal-ordførar Halvor Homme (Ap) eller Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (Ap) nokon grunn til.
Eg kan ikkje sjå at kommunane er i stand til å vidareføre denne tenesta, uttala Homme.
Eg støttar Halvor. Me er ikkje interesserte i å vera med og har alt behandla dette hos oss, fylgde kollega Skjervagen opp, og signaliserte at dei i Fyresdal heller kunne vera interesserte i å leige slike tenestar frå kommunar som vel å samarbeide.
Prosjektet fortener ein ryddig avgang framfor eit ugrunna nei, meinte regionrådsordførar Tveito.
Homme repliserte at dei i Nissedal alt hadde evaluert ordninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me er ikkje tilfreds med løysinga, så å kalle det ugrunna er å dra det litt langt, sa Ap-ordføraren.
Delte meiningar
Ketil Kiland snakka på vegne av rådmennene. Fyresdal-rådmannen viste til at statlege prosjekt blir ei økonomisk utfordring for kommunane når tilskota fell bort. Han uttala at dei delte meiningane i kommunane gjorde det vanskeleg å kome med ei felles tilråding frå rådmannsutvalet, og stilte spørsmål om fleirtalet i rådet ville binde opp to kommunar som kom med klare signal mot framleis samarbeid.
Det er nyttige stillingar, men det er eit økonomisk ansvar i andre enden, sa Kiland.
Nytteverdien av tilbodet varierer. Eg kan ikkje sjå grunnlag for å skrive felles sak alle rådmennene kan stille seg bak. Kvar skal me hente pengane frå, undra han.
Med tre mot to røyster bad VTR rådmannsutvalet sjå på saka når evalueringsrapporten er klar.
Vest-Telemarkrådet var ikkje fulltalige i tysdagens møte då Tokke kommune ikkje var representert verken med ordførar eller rådmann.