Vinje Goats er i gang: – For gutane betyr namnet mykje meir enn geit
– Goat kan nemleg også bety «greatest of all times», fortel oppmann for det fyrste basketlaget i Vest-Telemark, Jon Rikard Kleven. Han må halvvegs rope for å overdøve dundringa når elleve gutar driblar like mange oransje ballar rundt i gymsalen på Vinjehuset.
– Sjå opp medan de driblar ballen, instruerer gjestetrenar Erik Egenes.
– Og så prøver de å slå bort ballen for dei andre medan de held dykkar eigen ball i spel. Blikket opp, slik her!
Artikkelen held fram under annonsen.
Egenes har spela seks år i eliteserien i basket, og det er nesten som ballen han driblar heng fast i handa hans med ein strikk medan han viser korleis dei skal gjere øvinga. Blikket er retta mot dei andre spelarane, han bevegar seg raskt mellom dei, og gutane mistar ballen ein etter ein. Når dei sjølve skal prøve, oppdagar dei raskt at det er lettare sagt enn gjort å rive blikket frå eigen ball.
Dei øver også på rett ballgrep og rett kasteteknikk.
– Det viktigaste er ein fot fram, ballen i brysthøgde, halde begge hendene heilt likt og kaste rett fram. Viss du legg bort ballen du held, så skal du få denne. No blir det hardt altså, åtvarar Egenes før han sender ballen til Lars Asplin Kleven, som tek fint imot.
– Kom igjen, hardt! Skuv den ut, sikt på brystet til makkeren din, oppmodar Egenes, og gutane set i gang. Dei prøver å gjere som Egenes seier, og då gjeld det å følgje med når ballen kjem, elles blir det fort ein kilevink eller to.
Fyrste lag i Vest-Telemark, fjerde i fylket
Dei elleve spelarane kjem frå fire bygder – Øyfjell, Åmot, Rauland og Høydalsmo.
– Og me har hengt opp plakat i Edland også, seier Kleven senior. Dei vil gjerne ha fleire med, og sjølv om det er eit U-13-lag dei startar, er det med spelarar frå fleire årskull.
– Den eldste går i tiande klasse, dei yngste i sjuande.
Det var då sonen hans ville trene basket, at Kleven oppdaga kor langt det var til næraste klubb.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var enten å køyre att og fram til Skien, eller få til noko her. Så då gjorde me som me ofte gjer oppi her – me gjer det sjølve, smiler han.
Både Skien og Kragerø har etablerte basketlag, og i desse dagar startar det også opp eit lag i Notodden. Dermed har Vinje Goats nokre lag å spele mot når dei etter kvart blir kampklare.
– No må me fyrst få litt ballkjensla og lære oss litt reglar, og så kjem me til å invitere eit lag til ein prøvekamp. Neste steg er å delta på ei turnering, og på sikt håpar me å kunne stille eit U-13-lag i serien, fortel Kleven.
– Høg boge er heilt forbode!
Me er i siste del av baskettreninga, og det er klart for kamp, raude mot blå.
– Sidan me har øvd på straffe, kan det hende me bles litt for «fault» i dag, viss de bryt sylinderregelen, seier Kleven. Så kastar Egenes ballen rett opp mellom Lars i raudt og Dovydas i blått, og kampen er i gang.
– Hit!
– Her, Halvor!
– Ja!
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nydeleg!
Blikk, fokus og respekt for andre sin sylinder er det ingenting å seie på, og gutane er flinke til å samarbeide og koma med positive kommentarar. Likevel bles Egenes snart i fløyta:
– Det er heilt forbode i basket å kaste ballen i ein høg boge. Då kan kven som helst snappe den. De må gå rundt eller sende ei rett pasning, slik me øvde på. Dersom de ikkje har nokon å sende ballen til, så vent. Og då må de andre bevege dykk.
– Er det ikkje tidsavgrensa kor lenge me kan halde ballen? spør Åne.
– Nei, det er to skritt. Og tre sekund viss du er ved korga, men nå fokuserer me på å unngå dei høge ballane, og heller vente, svarar Egenes.
Billig sport - dyre ballar
– Basket er eit godt alternativ til fotball og ski, og det er ein billig sport. Du treng berre ein ball og eit par sko, seier Egenes.
Han synest det er heilt topp at det har starta eit lag i Åmot, og vil bidra så ofte han kan på treningane.
– Eg har ein kjærast her, så eg er i Åmot ganske ofte, smiler han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv om sporten er billig sett frå utøvaren si side, er det likevel dyrt med femten gode basketballar. Kleven, som har ansvar for ballar, drakter og anna praktisk, har tatt ei generalavgjersle her.
– Me har kjøpt 7er-ballar, sjølv om dei fleste spelarane eigentleg skulle brukt 5er-ballar. Me har rett nok fått ein god pris hos Sport1 på Fristadsenteret, men me kunne jo ikkje kjøpe inn femten 5er-ballar for å bytte dei ut om eit år!
Kleven har også ein draum når det gjeld laglogoen:
– Me må nok få nokon til å lage ein logo med ei geit som dunkar!