Snikra saman humoristisk revy
Russekullet på Kvitsund samla fullt hus laurdag då dei viste årets russerevy «Trådlaust nettverk», med vidt spekter frå politikk til lokale heltar.
Om lag 60 tredjeklassingar har vore i full drift den siste tida for å snikre saman sketsjar, dans, song, film og anna moro til årets revy «Trådlaust nettverk» på Kvitsund.
Sidan i haust har fritida blitt nytta til å lage revy, men det er fyrst dei siste dagane øvingane har gått i full fart.
Artikkelen held fram under annonsen.
Inntektene frå revyen går til prosjektet i Bolivia. Russeprosjektet har så langt samla inn over 200.000 kroner, og russerevyen er eit ekstra godt bidrag.
Prosjektet omfattar mellom anna reint drikkevatn, husflidsprosjekt, avisarbeid, mopedar som framkomstmiddel og misjonæropphald, fortel ein av revysjefane, Aina Marie Svendsen.
Full sal
Avgangselevane hadde god oppslutning både med tanke på sponsorar og publikum laurdag, og om lag 400 gjester i alle aldrar, mange av dei tidlegare elevar ved internatskulen, fekk servert eit mangfaldig program i to delar der alt frå politikk til lokale rånarar frå Kviteseid tok del.
I prestekjole ynskte konferansier Tarjei Asprusten frå Kviteseid gjestene velkomne, før publikum vart trekt vidare med i eit bryllaup der Jens Stoltenberg endeleg fekk Åslaug Haga og Kristin Halvorsen for ein fireårsperiode. Sidan sokneprest Einar Gelius var oppteken med Frøken Norge-kåring måtte Kjell Magne Bondevik ta vigsla. Som bistand på sidelinja var også Øystein Djupedal, om han var ein forlovar eller bare ein «Vesle-Stalin», slik elevane ved Kvitsund kalla han, er jammen ikkje godt å seie. Skulepolitikken hans er det ingen tvil om kva elevane meiner om.
Biverknad
Ein parodi på underhaldningsprogram frå fjernsynet serverte elevane eit svært humoristsk møte med tri tidlegare elevar på Kvitsund. Dei hadde alle sine problem, og hadde møtt veggen på ulike måtar, etter tri år på internatskulen.
Publikum fekk også ei rekkje glimt av den mykje bruka VG-reklama «dagen er ikkje heilt den same utan » med diverse nye vinklingar. Det vart stor lått i salen då bibelen vart tolka i eit imponerande tempo på fem minuttar som ein dialog mellom to jenter som var raske og sikre i replikken.
Dei frammøtte fekk også servert motebilete i Kviteseid og sjå kva den viktigaste fritidsinteressa i bygda er, nemleg råning. Det vart også moteframsyning frå andre plassar i landet.
Æresruss
Årets kull har valt å gjere noko utanom det vanlege, nemleg å velje to æresruss. Før avslutningsnummeret, der alle tredjeklassingane song, vart to karar kalla opp på scenen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Martin Dyngeland og Torben Gilje er årets yndlingar på den kristne skulen. Marin og Torben er to svært populære miljøarbeidarar og vaktmeistarar på gymnaset i Kviteseid.
Årets ærsruss er som Pompel og Pilt, difor valte me også å la to personar dele æresruss-tittelen for 2006, blei det opplyst av russen.