«Når ein skal plante høgt oppe i fjella, er det ikkje berre å velje noko som er flott å sjå på.»
Då anleggsgartnaren Thomas Mohaugen skulle lage park til rehabiliteringssenteret i Rauland måtte han velje planter som tåler hardt vêr og overlever i høgda.
I fjor fekk anleggsgartnar Thomas Mohaugen frå Øyfjell oppdraget med å konstruere ein ny park til rehabiliteringssenteret AiR på Rauland. I lag med landskapsarkitekten Ågot Johanne Aabøesom, som brukte oppdraget som si masteroppgåve, laga han ein fin og open park som brukarane kjem til å trivast i.
– Det var eit ynske om fleire stadar å sitje. Derfor laga eg amfiet kor brukarane kan sitje i sola og sjå ut over fjella. Alt då eg sette opp amfiet kom folk og sette seg her. Det er ei fin utsikt, seier Thomas.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjøleg klima
Klimaet i Rauland, som ligg om lag 700 meter over havet, er ikkje som lengre nede i låglandet og elles i store delar av Vest-Telemark. Medan graset er grønt, bjørka ferdig sprotte og kvitveisen veks i vegkantane i nabokommunane, er det lite som tyder på at våren har kome til Rauland.
Ei av bjørkene i parken har fått nokre få knoppar, men snart blir det forhåpentlegvis både grønt og frodig rundt rehabiliteringssenteret.
– Når ein skal plante høgt oppe i fjella, er det ikkje berre å velje noko som er flott å sjå på. Noreg er dela i ulike soner ut i frå kor herda ei plante er for å overvintre i hagen. H1 er i dei mildaste delane av landet, medan H8 er dei delane av landet med tøffast klima, fortel han.
Dei fleste stadane i Vest-Telemark ligg i sone 3, medan det som er planta i parken på Rauland ligg i sone 7–8.
– På Rauland er det kortare somrar enn andre stadar. Skal ein lukkast med hage eller park er det avgjerande at ein vel blomar og andre vekstar som er tilpassa området og som vil trivast der.
Gode tips
– Kva har du planta her?
– Herda roser, syrinar, ein hekk med svartsurbær, ulike spirea, furu og lokale rogner. Eg har stor tru på det som er planta her, og håpar det snart blir varmare i vêret, grønt og frodig, seier Mohaugen.
Han oppmodar dei som bur i Rauland og andre område i høgda om å undersøke nøye om kva slags hardføre planter som passar for dei kaldaste og mest vêrharde plassane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Om ein sett av litt tid til å undersøke slepp ein å kjøpe planter som ikkje kjem til å klare seg, fortel anleggsgartnaren.