Berekraftsprisen: To av dei tre på topp er frå Vest-Telemark
Bjaaland Bygderestaurant i Morgedal mottok torsdag berekraftsprisen på Midtvest-konferansen i Bø.
Joker Flatdal og Hyllest var dei to andre som inntok «pallen» då Telemark Næringshage, Midt-Telemark og Nome Utvikling og Sparebanken Din torsdag delte ut berekraftsprisen for å løfte fram berekraftige initiativ hos lokale små og mellomstore bedrifter. Det var totalt 11 nominerte bedrifter.
– Berekraftig handlekraft startar ein stad. Kva som rører seg hos våre lokale bedrifter vil vere av verdi for vår felles framtid. Sparebanken Din har tatt initiativet til å opprette ein berekraftspris som skal løfte fram bedriftsengasjement til nytte og inspirasjon for oss alle, melde Sparebanken Din i ei pressemelding i haust.
Artikkelen held fram under annonsen.
For å kunne få prisen måtte bedrifta vere etablert i Vest- eller Midt-Telemark, ha gjennomført eitt eller fleire tiltak for berekraftig utvikling og ha berekraft nedfelt i strategi, handlingsplan og måla sine. Prisen er på 30 000 kroner og ti bedriftsrådgivingstimar.