Svein Jonny Bertheussen og Tommy Andersen (bak til venstre) har totalt skåra 11 mål på dei tre siste kampane. (Arkiv
Svein Jonny Bertheussen og Tommy Andersen (bak til venstre) har totalt skåra 11 mål på dei tre siste kampane. (Arkiv

Vinje i haustform

Før sommarferien tok Vinje seks poeng på dei elleve fyrste kampane. Det er tydeleg at spelarane nytta sommaren godt, for på dei fem fyrste kampane i haust har laget tatt ti poeng.

Laurdag var det botnlaget Klyve som blei sendt heim til Skien med null poeng. Men det var gjestene som kom best i gang og tok leiinga i 1. omgang. Tommy Andersen sytte for at laget gjekk til pause med 1-1.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimelaget tok leiinga etter eit flott angrep som blei ekspedert i mål av Andersen. Svein Jonny Bertheussen trygga leiinga då han la på til 3-1 med eit flott skot.

På A-lagets Facebook-side får målvakt Edvin Kaldråstøyl ros for ein god kamp.

Andersen og Bertheussen har vore i skåringsform i haust. Andersen har sju mål på dei tre siste kampane, Berthuessen har fire på dei same tre kampane.

Vinje er på 9. plass i 5. divisjon, det er fem poeng ned til Gjerpen på plassen bak, og eitt poeng opp til Langesund på plassen over.