Benkeforslag gav ti millionar til nytt helsesenter
Med dobbeltrøysta til ordføraren vedtok kommunestyret i Seljord benkeforslaget frå formannskapet om å løyve ti millionar kroner til nytt helsesenter, utan at dei tilsette hadde gjeve signal om at dei ynskte nytt bygg.
Helsesenteret treng ei oppjustering. Difor gjorde rådmannen framlegg om å løyve 200.000 kroner for å gjera ei utgreiing om å renovere helsesenteret. Ved behandlinga i formannskapet blei saka noko karusellprega. Der kom det fram synspunkt om heller å satse på nybygg, seier kommunalsjef Kari Gro Espeland. Synspunktet enda i eit framlegg frå Arbeidpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti om å løyve ti millionar kroner til nytt helsesenter. Framlegget vart vedteke mot dei tri røystene til Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre.
Ganske sensasjonelt
Edvard Mæland (H) var ein av medlemene i formannskapet som stemte mot. Han synest den måten å løyve pengar på verkar utruleg lettvint.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg blei veldig overraska over at det kom eit slikt framlegg, utan at det var utarbeidd noko grunnlag for det. Framfor slike store investeringar brukar det å vera ein lengre prosess. Difor er det ganske sensasjonelt at ei slik løyving blir gjort nærast etter eit benkeforslag i formannskapet, seier Mæland.
Han hevdar at det ikkje tidlegare har kome signal verken frå dei tilsette ved helsesenteret, frå fagfolk eller frå bygdefolk om at det trengst eit nybygg.
Så langt eg veit har ikkje innbyggjarane klaga på det helsesenteret som er der i dag. Uansett verkar det utruleg lettvint å løyve pengar på den måten, utan at det er utarbeidd noko grunnlag for løyvinga. Så feitt med pengar er det ikkje i Seljord kommune. Me gjorde eit stort lyft på helsesida då me bygde den nye sjukeheimen, og la då til grunn at me måtte vera edruelege med andre storinvesteringar. Det ser det no ut som det ikkje blir teke omsyn til, uttalar den tidlegare ordføraren.
Venstre avgjorde
Då saka om helsesenteret blei handsama i kommunestyret vart vedtaket gjort med ordførar John Kleivstaul (Sp) si dobbeltrøyst. Utfallet av saka kunne blitt annleis om kommunestyret hadde vore fulltalig; partiet Venstre var ikkje representert i møtet. Venstrerepresentant Borgny Slettemoen Tøfte gjer det overfor VTB klart at partiet ville ha stemt mot å løyve til nytt helsesenter om dei hadde vore til stades.
Det er sørgjeleg at saka skulle få eit slikt utfall, er kommentaren hennar.
Ei heilgardering
Heilt sikker på at det blir nybygg, er ikkje kommunalsjef Kari Gro Espeland.
Eg oppfattar at vedtaket vart gjort som ei form for heilgardering, seier ho. Kommunalsjefen fortel at det no er sett ned ei interngruppe ved helsesenteret som skal seie noko om korleis bygget fungerer, og kva det eventuelt er trong for. Denne gruppa skal, i fylgje Espeland, har ei innstilling klar innan fyrste mars. Deretter blir arkitekt kopla inn i saka. Endeleg vedtak om framtidas helsesenter, om det blir opprusting eller nybygg, blir så gjort til hausten.
Eit hyggjeleg hus
Kommunelege Elisabeth Swensen, som er med i den interne arbeidsgruppa ved helsesenteret, seier til VTB at gruppa ikkje primært arbeider ut frå eit nytt ti-millionars bygg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er heilt klart at bygget må rustast opp, noko det også var gjort framlegg om frå kommunen si side. Men det blei ein veldig rar prosess då Arbeidarpartiet i formannskapet gjorde framlegg om å løyve til nybygg, seier kommunelegen.
Ho understrekar at dei tilsette ved helesenteret likar godt både huset og lokaliseringa.
Det er eit hyggjeleg hus som er lite institusjonsprega, i det heile eit hus med sjel, seier Swensen, som heller ikkje har fått negative signal om senteret frå publikum si side.
Det aller viktigaste er at bygget er greitt for publikum, poengterer ho.
Mandatet til interngruppa er å finne ut korleis huset fungerer.
Det fyrste spørsmålet me må stille oss er kva innbyggjarane i Seljord treng. Så skal me greie ut om bygget slik det er i dag, og kva som er mogeleg å gjera med det, fortel kommunenlegen.
Av manglar ved bygget i dag, nemner ho kontor for jordmor som det viktigaste. I dag held jordmora til i andre etasje, med ei smal svingtrapp som einaste tilkomst.
At høggravide må kreke seg opp ei slik trapp, er ikkje akseptabelt, seier Swensen, og legg til at lokala elles også er tronge og treng ei opprusting.
Artikkelen held fram under annonsen.
At konklusjonen frå forprosjektet vil bli å ruste opp eksisterande bygg, har høgrepolitikar Mæland lita tru på.
I og med at midlane er sett av, om det enn var utan grunnlag, vil eit nybygg gjerne bli prioritert, trur han.
Verken ordførar John Kleivstaul (Sp) eller varaordførar Halfdan Haugan (Ap) var onsdag tilgjengelege for kommentar til framlegget om nybygg.
Seljord helsesenter
* Bygt som legekontor med bueining i 1976.
* Skadestoge, legekontor og ambulanseinngang bygt på i 1994.
* Fysioterapidelen på 85 kvadratmeter bygt på i 1995.