Tre på topp: Laurdag hadde Telemark Ap program- og nominasjonsmøte i Langesund. Sven Tore Løkslid vart fylkesordførarkandidat, 2. kandidat Maja Foss Five og Hilde Alice Vågslid (t.h.) frå Tokke på 3. plass.

Til hausten gjev Hilde Alice seg i kommunestyret, men får nye utfordringar i politikken

Etter over tretti år som kommunepolitikar i Tokke vart det tidlegare i år kjent at Hilde Alice Vågslid (Ap) gjev seg i lokalpolitikken etter haustens val. Ho heldt likevel døra på gløtt for fylkespolitikken, og nå er ho nominert til 3. plass for Telemark Ap.

I helga var det over 100 delegatar samla til program- og nominasjonsmøte for nye Telemark Ap i Langesund. Då vart det klart at Sven Tore Løkslid blir partiets fylkesordførarkandidat, Maja Foss Five 2. kandidat og Hilde Alice Vågslid frå Tokke partiets 3. kandidat.

– Det er veldig artig, og moro å få den tilliten, seier Vågslid til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein ny arena for meg, eg har jo aldri vore engasjert i fylkespolitikken på denne måten. Det er eit nytt miljø, nye folk og andre saker, men eg håpar og trur at det arbeidsmessig ikkje er så ulikt kommunepolitikken og at erfaringa mi kjem godt med, legg ho til.

Les også
I over tretti år har Hilde Alice vore folkevald – nå gjev ho seg

Målet er å bli fulltidspolitikar, og med ein 3. plass er sjansane der, men det avheng sjølvsagt av valresultatet. I dag er både fylkesordførar og varafylkesordførar fulltidspolitikarar, det same er leiarane for hovudutvala.

– Å vere leiar for eit hovudutval hadde sjølvsagt vore veldig artig og interessant, seier Vågslid.

Uansett vil eit verv på fylkestinget by på ein del farting for Vågslid som bur på Dalen. Det er ho klar for.

– Eg hadde dette i tankane då eg sa ja. Eg har både barn og barnebarn i byen så det går bra.

Veldig klar for å jobbe for heile Telemark

– Korleis vil folk i Vest-Telemark merke at du kjem inn i fylkespolitikken?

– Eg trur det er viktig for oss i Vest-Telemark at me er representert, og at eg kjenner godt til kommunane her. Eg har eit godt nettverk både inn mot kommunane og inn mot Stortinget.

Det politiske engasjementet spenner vidt – den vidaregåande skulen, næringsliv. Mellom anna. Det meste er interessant for Vågslid, men full oversikt over fylkespolitikken har ho endå ikkje. Ho presiserer at ho fram til valet også har full fokus på kommunepolitikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

1. januar 2024 blir Vestfold og Telemark splitta, og Vågslid ser fram til å vere med å utvikle «nye» Telemark fylke.

– Eg er veldig klar for å jobbe for heile Telemark, avsluttar ho.