Symjeklubben i Fyresdal har 30 aktive symjarar, og denne helga skipa dei til Brystcup i symjehallen.
Symjeklubben i Fyresdal har 30 aktive symjarar, og denne helga skipa dei til Brystcup i symjehallen.

Vassfylt helg for unge talent

Denne helga har unge symjetalent samla seg til den årlege brystcupen i Fyresdal. Som den einaste symjegruppa i Vest-Telemark er det eit stort løft å arrangere eit slikt stemne.

Brystcupen i Fyresdal har blitt arrangert årleg i mange år. Sidan Fyresdal er aleine i regionen om å ha ein symjeklubb, kjem deltakararane frå store delar av Sørlandet saman med symjarar frå Rjukan.

Denne helga var det mange som ville vera med å konkurrere i cupen. Heile 104 unge i alderen sju til nitten år var med for å tevle mot kvarandre i dei forskjellige klassene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit stort lyft

Brystcupen har blitt ein tradisjon i Fyresdal, for den har blitt arrangert heilt frå 1970-talet. For medlemmene og ikkje minst for foreldra i klubben er det eit stort lyft å skipe til ei så stor samling. I symjeklubben er det 30 aktive symjarar og det er foreldra samt nokre trugne gjengangerar som tek arbeidet på dugnad.

– Dette hadde ikkje gått utan foreldre og trufaste støttespelarar som stiller opp. Det er flott at ein slik liten stad klarar å arrangere noko slikt, seier leiar i symjeklubben og stemneleiar, Christin Skansen.

Forutan arrangering av overnatting for deltakarane på skulen og servering av 120 middagar laurdag, er krava til eit slikt stemne store. Det trengst mange dommarar, og dei må hentast inn frå fleire klubbar.

Vil ha med fleire

Symjeklubben i Fyresdal har god rekruttering, men dei vil gjerne ha med fleire symjarar.

– Me treng fleire med, og særleg ville me gjerne hatt med fleire gutar. Me er jo svært heldige som har eit basseng som er nyrenovert og som ikkje minst er fylt med vatn, seier Hilde Martini Momrak frå styret i symjegruppa.

Klubben har no starta opp med symjeskule for dei yngste på barneskulen, og der nesten alle elevane er med.

Eit godt resultat for klubben

Deltakarane frå Fyresdal fekk fleire gode resultat i løpet av cupen. Seksten år gamle Ida Nordbø sumde seg inn til ein tredjeplass i 200 meter fri for damer med tida 2.14.89. Anna Levang viste òg gode takter med tredjeplass i 50 meter fri for 1997-modellar med tida 36.49, og ein tredjeplass på 100 fri med tida 1.24.46.

I klassa for 1994 sumde Ingrid Vik Hansen inn på fyrsteplass i 50 meter bryst, medan Anne Merete Vik Aslestad kom inn på andreplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

I brystcupen gjekk dei 12 beste i 50 meter bryst vidare, uansett årsklasse, til ein semifinale med 2 heat. Dei seks beste gjekk så vidare til finalen. Sytten år gamle Beau Van Der Schuur frå Fyresdal kom i mål på ein fin andreplass med tida 41.57.

Stemneleiaren såg seg godt nøgd med stemnet.

– Ein kan alltid finne noko som ein i etterpåklokskap kunne gjort betre, men stort sett har dette gått veldig fint. Me har fått mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane, og det har vore gode tider frå symjarane. Det fristar til gjentaking, seier Christin Hansen