Trur på heilårsdrift
Ulefoss sportsforeining er godt i gang med å planleggje kunstgrasbane med flaumljos og undervarme kalkulert til nesten 11 millionar kroner. Eg vonar banen blir open heile året. Me har sett driftsutgiftene til 495.000 kroner årleg, seier Aslak Fjeld i kunstgrasgruppa på Ulefoss.
Totalkostnaden på kunstgrasprosjektet til Ulefoss sportsforeining er kalkulert til 10.875.000 kroner. Denne summen er inkludert moms sidan det er sportsforeininga sjølv som står for prosjektet, og dei vonar at søknaden om momsfritak blir innfridd.
Kunstgrasgruppa til sportsforeininga, ved Aslak Fjeld, fortel at dei er godt i gang med planlegging av den nye banen og at det mellom anna er søkt om spelemidlar til prosjektet i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me ynskjer heilårsdrift på kunstgrasbanen i Ulefoss, men ein må sjølvsagt ta omsyn til temperaturforskjellar. Om det blir 30 minusgrader er det lite logisk å fyre opp banen «bare for kråkene» med ein panelomn som dekkjer ei flate på 700-800 kvadratmeter. Den beste utetemperaturen for banen er pluss 5 til 10 grader, seier Fjeld som har jobba med kunstgras og vedlikehald av slike banar i ei årrekkje.
Han kjenner godt til baneprosjektet i Kviteseid, og trur og håpar at det også skal kome ein varm bane på plass der.
På Ulefoss er det idrettslaget som eig og driftar anlegget, og me vil be kommunen om eit årleg tilskot på 140.000 pluss moms for at dei til dømes leiger anlegget til bruk i skuletida året gjennom, seier Fjeld.
Naudsynt med undervarme
Fjeld har vore med og rekna ut kva det vil koste å byggje og drifte ein kunstgrasbane, og meiner det er viktig å setje tal på kva ting kan koste.
Mykje av arbeidet med drift kan ein sjølvsagt basere på dugnad, men me meiner det likevel er viktig å rekne dette i reelle summar når ein lagar ein driftsplan. Ta til dømes noko så enkelt som søppelplukking, noko som ein må gjere på anlegget, gjerne dagleg. Her har me kalkulert med 25.000 kroner som ein årleg kostnad, seier Fjeld.
Han trur undervarme og ljos er viktige faktorar når ein fyrst skal byggje ny bane.
Å byggje ein ny bane utan flaumljos ser eg ikkje poeng i, og undervarmen er også svært viktig. Eg trur undervarmen spelar ei viktig rolle med tanke på å unngå skadar for spelarane også, seier han, men legg til at det kan vere ei løysing å bestemme at undervarmen ikkje skal bli slått på når gradestokken kryp lenger ned enn ti minusgradar.
Eg kjenner til eit kunstgrasanlegg i Trøndelag som hadde fyringsutgifter på over ein million kroner årleg. Då er det mykje varme som går til kråka då, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dyrt gjev billeg
Fjeld meiner at den nye kunstgrasbanen på Ulefoss vil spare pengar på drift sidan dei vel å byggje eit dyrare undervarmeanlegg enn mange andre.
Me har kome fram til at investeringa med anlegget me har valt blir større sidan me skal nytte ein type gummipad under grasmatta, og leggje røra på tvers i staden for på langs, men me vil få lågare fyringsutgifter og det blir difor billegare å bruke. Utgifter til oppvarming av banar rundt om i landet kan variere frå 100.000 til 1.000.000 kroner, så det er viktig å velje det som passar best til sitt bruk, seier Fjeld.
Han meiner det er vanskeleg å spå eksakte utgifter både når det gjeld fyring og brøyting.
For vår del har me teke utgangspunkt i at ein må brøyte om lag 30 gonger a seks timar i året. Nyttar ein godt utstyr som er eigna til kunstgrasbanar, kan ein også spare inn mykje pengar på til dømes etterfylling av gummi. Men det er betre å kalkulere med ein kostnad i utgangspunktet, for så å spare pengane når ein set i gang, seier Fjeld.
Lysanlegget til banen er ein annan kostnad. Innkjøp av dette utstyret kostar mellom 500.000 til 900.000 kroner og me har rekna ut at det vil koste oss 37.000 kroner i året å ha ljoskastarane i bruk, seier Fjeld.
Varm kunstgrasbane - Ulefoss
Samla årleg driftskostnad 495.000 kroner.
Dagleg reingjering 25.000
Slodding 30.000
Artikkelen held fram under annonsen.
Ljosutgifter 40.000
Etterfylling av gummi 50.000
Reinsing av banen 30.000
Oppvarming 250.000
Brøyting/skraping 70.000