Desse jentene blei seriemeistrar
Åmdal Tokke J15 blei seriemeistrar i sin fyrste sesong som 9-ar-lag.
Dei sikra seriemeisterskapen med å slå Langesund 5-3 på bortebane i starten av november.
Gjennom hausten har dei spela god og underhaldande fotball. Jentene har vunne sju av åtte kampar og har ein målforskjell på 43-17.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jentene har spela saman i fleire år og har blitt ein samansveisa og fin gjeng. Det gror godt i jentefotballen i Åmdal/Tokke, så det er berre å glede seg til fortsetjinga, melder lagleiar Anne Ragnhild Øvrebø.