Eitt lag blei til to – igjen. Snarteland held fram som bondelagsleiar
Telemark Bondelag blei reetablert på ekstraordinært årsmøte 19. november.
I det konstituerande årsmøtet same dag valte delegatane nytt styre for Telemark Bondelag. Aslak Snarteland frå Fyresdal held fram som fylkesleiar fram til ordinært årsmøte i mars 2023.
– Nå restartar me Telemark Bondelag. Eg har fått med meg eit veldig bra lag og i tida fram mot mars 2023 har me tunge og viktige saker å jobbe med. Nå skal me dra nytte av dei erfaringane me har gjort, og me skal bli betre enn det me var før samanslåinga, seier Snarteland i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
I helga møttest tillitsvalte i Vestfold og Telemark Bondelag i Sandefjord. Det var leiarmøte fredag og to ekstraordinære årsmøte, samt to konstituerande årsmøte laurdag. Eitt lag blei til to lag – igjen.
At fylkeslaga skal bli delt har vore kjent sidan årsmøtet i mars i år. Det var ikkje til hinder for eit vellykka felles leiarmøte.
Snarteland innleia møtet med å melde at Vestfold og Telemark Bondelag bare er 1,5 år gamal, og eldre skal «me ikkje bli».
– Det er med ei rar kjensle eg står her i dag og tenker på at i morgon er dette kapittelet over, sa han.
– Det har vore utruleg mange flotte opplevingar. Me har lært mykje av å vera eit samanslått lag, og fått større forståing for kvarandre. Det skal me ta med oss vidare, heldt han fram.
Aslak Snarteland får med seg det fleire frå det gamle styret, i tillegg blei Henrik Kjeldsen (styremedlem) og Mikkel Aanderaa (1. vara) valt.
Flesteparten av styremedlemmene er valt fram til ordinært årsmøte 18. mars 2023.