Jakta på Paris-avtala
Sist gong leita dei etter meininga med livet. Denne gongen er det den historiske avtala frå klimatoppmøtet i Paris som teatergruppa på Vinjar må ut og jakte på.
Parisavtala har blitt borte, og kven er vel betre skikka til å finne ho att enn dei unge, lovande vinbyggjane i teatergruppa til Liv i Vinje?
Barna og ungdomane i gruppa med base på Vinjar har etter kvart sett opp mange spesialskrivne teaterstykke. Også denne gongen er det Aasmund Nordstoga som er manusforfattar.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Det blir ei reise innom mange moglege klimaverstingar, og ikkje minst mange songar som handlar om vêret. Og rett som det er svinsar det innom ein type med hentesveis», skriv dei i programmet.
Sommarfuglar i magen
Like før framsyninga startar trippar skodespelarane rundt i salen på Vinjehuset, der premieren skal finne stad denne gongen. Nokre er meir spente enn andre.
– Eg gler meg. Eg er litt spent, men det er moro å vise frem det me har øvd på, seier Aasne Nordstoga (8).
– Kva er det beste med å stå på scenen?
– Eg likar å ha på meg kostyme, seier Olava Lie Verpe (8).
Skodespelarane, som er i alderen 7-17, år spring bak scena. Romet blir mørkt og publikum kjem inn i salen som raskt fyllast opp. Det er stille. Sceneteppet opnar seg, musikken startar og ut på scenen kjem borna for å vise fram «Jakta på Parisavtala».
Arresterer klimaskurken til slutt
Skodespelet har mykje vakker song, flotte kostyme, og spelar mykje på humor.
– Framsyninga handlar om klima. Parisavtala blir borte, dei jaktar på han som stal ho, og til slutt blir han arrestert. Klimaet skifter stadig frå varmt til kaldt. Me har fleire songar om vêret, forklarar organisator Ellen Nordstoga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er mykje song og bevegelsar. Me ønskjer å lære borna i teatergruppa å bruke fleire sansar i ei framsyning, seier ho.
Som tidlegare har teatergruppa også denne gongen fått økonomisk støtte frå Frifond, som er ei statleg støtteordning som skal gjera det enklare å drive med demokratisk og friviljug aktivitet i lokalsamfunn.