Wenche Engen Hanevik, rektor ved Bø vidaregåande skule avdeling Seljord, på plass i fotoatelieret.
Wenche Engen Hanevik, rektor ved Bø vidaregåande skule avdeling Seljord, på plass i fotoatelieret.

– Dystre spådomar gjort til skamme

– Med nybygg til 17 millionar og eit elevtal større enn nokon gong har me gjort alle dystre spådomar til skamme og vist ein gong for alle at den vidaregåande skulen i Seljord er komen for å bli. Etableringa av Medie- og kommunikasjonslina møtte massiv motstand, men viser seg å vere ei attraktiv studieretning som rekrutterer elevar frå heile fylket.

Det meiner Wenche Engen Hanevik, rektor ved Bø vidaregåande skule avdeling Seljord.

Torsdag tok Engen Hanevik, lærarar og administrasjon ved den vidaregåande skulen i Seljord imot rekordhøge 117 elevar som skal gå ved dei to studieretningane Hotell- og næringsmiddelfag (toårig løp) og Medie- og kommunikasjon (to- eller triårig).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er fint om de har draumar, men gjer noko med draumane her og nå. Denne tida kjem aldri tilbake. Bruk henne godt, oppmoda rektoren elevane.

Nytt sjølvstendig bygg

90 elevar tok til på Medie- og kommunikasjonslina torsdag. Søkinga til studiet har vore svært bra.

– Me har gjort alle dystre spådomar til skamme og vist ein gong for alle at lina er komen for å bli. Eg meiner skulen har stabilisert seg etter at Medie- og kommunikasjonslina kom. Den vidaregåande skulen i Seljord har endeleg festa posisjonen sin, hevdar Wenche Engen Hanevik.

Eit nytt bygg til 17 millionar kroner står klart. Bygget skal hyse medie- og kommunikasjonselevane der dei kan boltre seg med fasilitetar som eigen pc, fotoatelier, mørkekrom og studio til å redigere lyd og bilde.

– Eg trur nybygget inspirerer. Det gjev ei flott ramme med liv og innhald. Tilhøva oppmodar til variert pedagogikk og kreative løysingar, trur rektoren.

Nybygget hyser også auditorium og bibliotek i tillegg til arbeidsplassar for både lærarar og elevar.

– Eksisterande bygg har også fått eit kraftig andletslyft. Nå har me ei innbydande vestibyle og nytt ventilasjonsanlegg, forklarar Wenche Engen Hanevik.

Nybygget og opprustinga har ført til at leiinga nå er samla i eitt og same bygg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mykje betre for alle partar, seier Engen Hanevik, som har vore rektor ved Bø vidaregåande skule avdeling Seljord i to år. Ved Bø vidaregåande er ho inne i sitt åttande år som rektor.

Takkar av etter 30 år

Etter 30 år som rektor ved den vidaregåande skulen i Seljord, takkar Gerd Amundsrud (65) for seg.

– Hadde nokon sagt til meg då eg byrja at eg kom til å vere her i 30 år hadde eg ledd. Eg trudde då aldri at eg kom til bli så lenge, seier Amundsrud.

VTB møter rektoren gjennom 30 år på hennar aller siste arbeidsdag.

– Eg har hatt 30 flotte år saman med alle tiders kollegaer og fine elevar. Litt vemodig er det sjølvsagt å gå av med pensjon, men eg føler at eg har gjort mitt. Tida er inne for å sleppe til yngre krefter, seier ho. Dei siste to åra har Amundsrud fungert som studierektor ved skulen.

Gerd kjem opphaveleg frå Råde i Østfold. Før ho kom til Seljord arbeidde ho ved Husmorskulen på Rjukan.

– Eg ynskte meg til Seljord fordi bygda ligg lagleg til i Telemark. Også er det ei fin bygd, seier Gerd, som er på flyttefot til Rjukan nå. På Rjukan har ho kjøpt seg eit hus. Og der ventar også ein kjær venn.

– Eg gler meg til å ha tida til eige rådvelde. Eg skal lese og reise, seier Gerd.