Store skadar: Det var store skadar på Nissaen etter ulykka.

«Det er utruleg. Det var ingen grunn til at dette skulle gå så bra»

Den rutinemessige turen til jobb ein torsdagsmorgon i november kunne blitt fatal. Det gjer årets jolehøgtid ekstra spesiell for Marie og Bjørn Salmelid Solbekk Wærmo frå Kviteseid.

– Eg hadde så lyst på denne jobben, men grua meg til pendlarvegen, spesielt på vinteren.

Marie (33) hadde berre hatt jobben på Dalen i ein månad då ho opplevde marerittet på E134.

Artikkelen held fram under annonsen.

På det glatte vinterføret dreg bilen brått mot høgre. Marie rekk å tenke at ho ikkje må treffe autovernet. Ho prøvar å rette opp. Bilen kontrar mot venstre. Marie ser rett i fronten på ein trailer som kjem nedover bakkane mot Morgedal. Ho fokuserer på fjellveggen i det bilen treffer fronten på lastebilen.

Det smell. Alt er knust, og fjellveggen er tett på. Det er stille. Marie pustar, leitar etter mobilen. Den er knust. Ho må ringe mannen. Det er det einaste ho tenker på.

– Hei, er du vaken? Korleis har du det?

Marie høyrer ei kvinnestemme som ringer 113.

Det gjer vondt i magen, skikkeleg vondt. Marie seier til kvinna at ho truleg har indre blødingar, ho må sitje heilt stille. Ho tar handa ned til kneet, den blir heilt våt av blod. Knust kne i alle fall, tenker ho, medan ho vurderer stoda vidare, fagkunnskapen som sjukepleiestudent slår inn.

– De må ringe Bjørn, mannen min, gjentek Marie om att og om att.

Ambulansen er den fyrste frå redningstenestene som kjem til staden. Marie sit framleis inne i bilen. Dei hjelper henne ut, ho blir borte, fire personar ber Marie til ambulansen. Det er ikkje flyvêr for luftambulansen, ho må vidare på hjul.

Lykkelege: Marie og Bjørn Salmelid Solbekk Wærmo er glade for at alt gjekk bra etter trafikkulykka og svært takksame for alle som var på skadestaden og bidrog med informasjon og hjelp ulykkesdagen.

– Ein ekkel klump i brystet

Det var torsdag. Ein heilt vanleg torsdag i slutten av november. Bjørn Salmelid Solbekk Wærmo hadde reist på jobb, fyrst til Seljord klokka sju, før han køyrde til Dalen på oppdrag for Dyrud elektro.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me snakka saman på telefonen. Eg var på Dalen og Marie var på veg oppover frå Kviteseid. Eg starta på ei synfaring, det gjekk kanskje 15 minuttar frå eg la på med Marie før alarmen på brannradioen gjekk, det kom melding om trafikkulykke på europavegen, i Morgedal, fortel han.

På Twitter: Den fyrste informasjonen politiet i Sør-Aust delte på Twitter etter ulykka.

Bjørn har ei lita stilling som brannmann for Kviteseid brannvesen, og ber stort sett alltid med seg sambandsutstyret som varslar og kallar ut redningsetatane til ulykker og anna.

– Då det blei varsla om ei trafikkulykke på E134 i Morgedal visste eg omtrent at Marie skulle vere i dette området. Eg fekk ein ekkel klump i brystet. Eg prøva å ringe henne, men fekk ikkje svar. Då ringde eg far til Marie og sa at ho truleg var involvert i ei ulykke. Medan eg sjølv køyrde frå Dalen tok han turen oppover frå Kviteseid, seier Bjørn.

På veg oppover Eidsborgberget ringer ein kjenning som er på skadestaden til Bjørn. Det er få minuttar sidan ulykka skjedde. Mannen fortel at Marie har vore involvert i ulykka og at ho har bede dei varsle ektemannen. Marie er skadd, men ho er vaken. Bjørn melder tilbake at han er på veg.

– Oppi alt var eg heldig, eg fekk beskjed tidleg, blei orientert om korleis Marie hadde det via sambandet. Eg fekk informasjon om at ho ville bli frakta til sjukehus i Skien eller på Ullevål. Dei melde at ambulansen ville stoppe i Seljord for å plukke opp lege, eg køyrde difor direkte dit og fekk sjå Marie. Ho var blodig i andletet, hoven og blå over nasen etter smellen med airbagen, dei måtte vidare til sjukehus, fortel Bjørn.

Kvardagen snudde raskt: Marie Salmelid Solbekk Wærmo kolliderte torsdag 24. november klokka 09.22. Klokka 10.15 var ho på traumemottaket i Skien og behandlinga kunne starte.

Flaks at ikkje fleire blei skadd

Ytterlegare ein månad har gått sidan den torsdagsmorgonen som kunne blitt så fatal. Marie og Bjørn tek imot VTB i huset ved Kvitsund. Ute er det kaldt. Inne er det godt og varmt. Dei to er takksame for at dei framleis har kvarandre. Det var ikkje opplagt.

– Hugsar du kva som skjedde i ulykka?

– Ja, eg hugsar eg håpa å rekke fram til grøfta, mot fjellveggen før lastebilen trefte meg. I det eg kjem innanfor traileren skimtar eg bilen som kom bak. Eg ville ikkje at fleire skulle bli skada. Hengaren til traileren fekk sleng før den kantra ut i grøfta nokre hundre meter nedanfor ulykkesstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er flaks at ingen bilar køyrde bak meg, som kunne fått trailerhengaren rett imot – flaks at ingen fleire blei skadd, seier Marie.

– Eg hugsar at eg høyrde stemma til Bjørn då me stoppa i Seljord, det var godt å høyre at han var der. Sidan eg hadde farleg lågt blodtrykk, hadde blødingar i magen og truleg var i sjokk bala dei tilsette i ambulansen med å setje nåla for å gje meg smertestillande medisin. Men det ordna seg, for turen til byen hugsar eg ingenting av, fortel Marie.

På traumemottaket på sjukehuset stod eit stort team klart for å ta imot pasienten. Det var litt skremmande innrømmer Bjørn. Han vinka til Marie, forsikra henne om å vere der når ho vakna, medan ho forsvann innover på sjukehuset.

– Det var tøft, men eg visste ho var i dei beste hender, dei tilsette i ambulansen tok godt vare på meg, rosar han.

Bror av Marie var raskt på plass på sjukehuset, det same var foreldra hennar.

– Me sat på gangen og venta, ein sjukepleiar kom til oss innimellom og oppdaterte korleis Marie hadde det, kva som var gjort og kva dei skulle gjere vidare, fortel Bjørn.

Ein månad i ny jobb

Det har skjedd mykje i liva til det unge paret dei siste åra. Dei har begge vore gjennom samlivsbrot, og har små barn frå tidlegare forhold. Dei fann kjærleiken saman og gifta seg 31. august i haust.

– Det har skjedd mykje, og me har verken fått halde bryllaupsfest eller vore på bryllaupsreise.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marie som er utdanna lærar med spesialisering i å undervise framandspråklege, starta for to år sidan på ei ny utdanning som sjukepleiar.

– Men eg tok ein studiepause i haust, ville prioritere meir familietid og søkte på jobb som lærar for innvandrarar på Dalen, seier Marie.

Etter yngsteguten hennar hadde starta i barnehagen i haust, var Marie klar for ny undervisningsjobb, i tillegg til den vesle faste stillinga ho har på Kviteseid omsorgssenter.

– Du rakk å jobbe på Dalen akkurat ein månad før krasjen, seier Bjørn.

Ulykka i Morgedal 24. november: Marie og Bjørn Salmelid Solbekk Wærmo er glade for at alt gjekk bra etter trafikkulykka på E134 ein torsdagsmorgon i november.

69 synlege sting

Bjørn finn fram bilde av bilen. Det er ufatteleg at dette gjekk bra. I smellen har alt anna enn førarsida blitt smadra, taket er skrella bakover på grunn av kreftene i samanstøyten. Paret er takksame for ein sikker og trygg Nissan, at Marie hadde rett beltebruk, og inga tjukk jakke under beltet. Det er blant årsakene til at alt gjekk som det gjorde.

– Politiet opplyste i dei fyrste meldingane at eg sat fastklemt i bilen, men det stemmer ikkje, seier Marie.

To timar etter ulykka i Morgedal låg Marie på operasjonsbordet ved sjukehuset i Telemark. Heile buken blei opna slik at legane kan få oversikt på kor store dei indre skadane og blødingane var.

– Marie hadde to rifter i tynntarm og tjukktarm. Kirurgane opererte vekk ein centimeter kvar av tarmane, klypte, lappa og sydde saman, reinsa for moglege bakteriar og starta å sy henne saman att, lag for lag av musklar. Til slutt 69 synlege sting, seier Bjørn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, dei hugsar eg du talde opp, ler Marie.

Ho fortel at så mykje besøk som mogleg, høyre folk snakke og smile tilbake til dei, blei smertelindring på sjukehuset.

– Det var ein måte å distansere smerta, som blei verre om nettene. Eg blei også trappa ned av epidural og anna smertelindring for raskt. Då kjente eg verkeleg dei fire ribbeinsbrota inn mot ryggrada. Det var ekstremt vondt, men det betra seg då ein smertespesialist ordna skikkeleg smertelindring til meg.

– Med Bjørn trufast ved si side strøymde meldingar, helsingar og forbøner inn. Bjørn vidareformidla, og melde tilbake så mykje informasjon han hadde tid til.

69 sting: På sjukehuset blei magen til Marie Salmelid Solbekk Wærmo opna, slik at kirurgane kunne få kontroll på dei indre blødingane.

Som ei bryllaupsreise å rekne

Etter åtte døgn på kirurgisk sengepost mage og tarm i Skien, blei Marie flytta til Notodden sjukehus.

– Der fekk me eige rom, frukost på rommet og eige bad. Bjørn fekk ei seng å sove i etter fleire netter i ein stol og på feltseng lånt av brannvesenet. Det var så fult på sjukehuset i Skien, så då me kom til Notodden blei det nesten å rekne som luksus, som ei bryllaupsreise, skøyar Marie og legg til at det truleg blei slitemerke i gangane og trappene etter ho og Bjørn. Det var viktig å komme i form, og å røre på seg.

Gåtrening: To dagar etter ulykka var Marie Salmelid Solbekk Wærmo i gang med opptrening saman med fysioterapeut på intensivavdelinga ved sjukehuset Telemark, Margitte Joanne Tonning.

Sterk tru

Englevakt kan ein seie at Marie har hatt når ein høyrer om hendinga, og ikkje minst ser korleis den fullstendig knuste bilen ser ut.

Marie fortel at ho har ei sterk tru, og at det var mange som bad for henne etter ulykka. Men det er ei hending ho har merkt seg ekstra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Medan eg var på sjukehuset ringde eg ei veldig god venninne i Tromsø. Ho er ei travel småbarnsmor, men akkurat denne torsdagen som ulykka skjedde hadde ho tenkt så på meg, heilt frå tidleg på morgonen. Ho hadde bedt for meg og lese i Bibelen. Ho visste sjølvsagt ikkje kva som hadde skjedd med meg, ikkje før mannen hennar las Facebook-meldinga til Bjørn om ulykka dagen etterpå, seier Marie tankefull.

Tankar har også gått til trailersjåføren som fekk Marie sin bil rett i sida av fronten. Marie og Bjørn har vore i kontakt med både han og sjefen i verksemda han jobbar i.

– Eg ringde sjåføren same dag som ulykka skjedde, eg ville fortelje han at det gjekk bra med Marie. Han var ein av dei fyrste til å sende blomar til henne, han tenkte på oss også, seier Bjørn.

– Nå kan eg le att

Marie blir stadig sterkare, latteren sit laust og pusten er betre nå enn den var.

– Det er eit teikn på at ho begynner å bli frisk når ho snakkar ustoppeleg både på inn- og utpust att. Men ho må framleis vere forsiktig, ho kan ikkje lyfte over to kilo den neste månaden heller. Ho får ta det roleg her heime ei stund til, pusle puslespel, sjå seriar og lese, seier Bjørn.

– Nå kan eg i alle fall le att, det var vondt å ikkje kunne le, humrar ho, men legg til at å nyse framleis gjer frykteleg vondt.

Ho set pris på alle som har vist omtanke etter ulykka, ringt, sendt meldingar eller kome innom. Men det har også blitt mange tankar etter ulykka.

– Eg har tenkt ein million gonger. Kva om eg hadde hatt ein annan bil, kva om det var fleire i bilen, om eg hadde møtt ein annan lastebil. Tenk om det hadde køyrd ein bil etter meg som hadde kollidert med hengaren til traileren. Eg må vel seie at eg kom relativt godt ut av dette, seier ho tankefull.

Ho kjenner seg heldig som har fått oppleve og erfare korleis det er å vere pasient. Det er viktig for henne sidan ho skal bli sjukepleiar.

– Det verste for ein pasient er uvisse. Å ligge med smerte og ha vondt, ikkje vite kor lenge smerta vil vare, det er grufullt. Ein pasient skal føle seg trygg og sett. Ringer ein pasient i snora, skal eg inn og seie hei sjølv om eg ikkje har tid. Seie at eg ser han eller henne, og vil kome tilbake. Det kjenner eg har blitt ekstra viktig for meg nå.

Ulykka har også fått dei til å tenke kor heldige dei har vore trass alt med å få god hjelp og mykje omtanke når krisa ramma dei.

– Det er så mange som har det fælt, for oss blei det synleg at me trong hjelp, for andre kan det vere mykje usynleg smerte. Det er mange som har det vanskeleg, vondt og tungt. Det må me ikkje gløyme, seier paret.

Tid til kvarandre

Marie gler seg til å bli sterkare, få kvardagen tilbake og vere saman med barna slik det var før ulykka. Ho seier at tida etter ulykka har vore ekstra tøff sidan ho ikkje har fått vore så mykje saman med barna sine.

– Eg har to gutar på 5 og 1,5 år, og har ikkje klart å ta vare på dei åleine enno. Eg blir raskt sliten, og den yngste er ein liten villbass, så det må alltid vere nokon til stades sidan eg verken kan lyfte, ta imot eller leike meir enn ved å sitje stille. Heldigvis har dei pappaen sin og mykje familie kring seg, me har ein fordel nå med at dei har to heimar. Og Bjørn stiller også opp, både for gutane mine, og sine på 4 og snart 3 år, så litt tid med barna blir det. Me gler oss til fullt hus igjen, seier Marie.

Ho kryp inn i armkroken til Bjørn i sofaen. Dei ser fram til jolehøgtida som snart er her, til komande feriedagar for Bjørn og rolege dagar saman med familien. Tid til å ta endå meir vare på kvarandre.

Dei kjenner seg heldige – takksame for at det gjekk bra.

– Det er jo utruleg, det var ingen grunn til at dette skulle gå så bra. Me er takksame. Eg er heldigvis ingen toppidrettsutøvar, men trur eg vil fungere heilt fint att. Så lenge eg kan vere sosial og saman med dei eg er glad i, jobbe og danse, smiler ho og Bjørn nikkar med eit stort smil.

– Det skal me få til.

Les også
Lastebilsjåføren: – Det står enorm respekt av å tenke på meg midt i det dei stod i
Ein månad sidan: Marie og Bjørn Salmelid Solbekk Wærmo er glade for at alt gjekk bra etter trafikkulykka på E134 ein torsdagsmorgon i november.
Gler seg til jol: Ein månad etter ulykka i Morgedal ser Marie og Bjørn Salmelid Solbekk Wærmo fram til rolege joledagar saman.