Bibbi Omtveit får råd av lærar Veronika Glitsch på kurset i design og resign.
Bibbi Omtveit får råd av lærar Veronika Glitsch på kurset i design og resign.

Kleda bakerst i skåpet får nytt liv

Kvar sommar er det mange ulike kurs på Raulandsakademiet. Eit populært kurs er Veronika Glitsch sitt kurs i design og redesign.

– Det me gjer her skal vera ordentleg saumteknisk utført. Det står ikkje tilbake for nykjøpte klede slik sett, samtidig som me her syr til ein bestemt kropp. Når kleda blir forma direkte etter kroppen til den som skal bruke dei, er det mykje meir sannsynleg at dei faktisk blir bruka. Slik gjev me klede som har gått ut av bruk ein ny sjanse, seier Glitsch.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein av deltakarane er Bibbi Omtveit frå Brunkeberg. I løpet av kursdagane har fleire toppar fått nytt liv, og moras gamle tunika har blitt ei babybukse.

– Eg har alltid hatt lyst til å lære meir om å sy, om saumteknikkar og å gjera det ordentleg. Det er dei små detaljane som gjer at ein brukar eit plagg – og det lærer me her, seier Omtveit.

Laurdag kveld hadde elevane visning av «kolleksjonen» dei har laga i løpet av kurset.