– Eg trivst godt i hjullastaren, seier Helene Tjønn frå Tjønnegrend i Vinje.
– Eg trivst godt i hjullastaren, seier Helene Tjønn frå Tjønnegrend i Vinje.

Frå helsevesenet til hjullastar

Helene Tjønn frå Tjønnegrend i Vinje jobba fleire år i helsevesenet. No har ho teke rattet i eigne hender og køyrer hjullastar i staden.

På vegen inn til Kostveit i Vinje er det eit steinbrot der det blir knust masse til mellom anna singel. Kolsåsen heiter staden og bak rattet på hjullastaren finn me 27 år gamle Helene Tjønn. Ho har jobba i fleire yrke så langt, men det har blitt mykje innan helsevesenet.

– Eg byrja å arbeide medan eg gjekk på skulen, og fyrste arbeidsplassen var faktisk vegkroa i Åmot. Sidan her eg vore på helsesenteret på Dalen, bygdeheimen på Rauland og ved helsesenteret i Åmot, smiler 27-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trivst i hjullastaren

Faren, Toralf, driv med maskinar, og Helene fekk høve til å prøve seg for eit par år sidan.

– Du veit karane her oppe seier ikkje Kolsåsen om staden, dei kallar det Sveivehylen gruvesamfunn, ler ho.

Truleg kjem namnet av at det er ei gruve i området. Tjønn har også prøva seg ute på anlegg.

– Eg var ein periode på anlegg i Oslo, og eg må seie det gav meirsmak. Sommaren for to år sidan var eg med far her på Kolsåsen og fekk teften av å køyre hjullastar. I fjor blei det også ein del køyring her, medan eg i år har vore her sidan april. Truleg kjem me til å halde på fram mot nyår, seier Tjønn.

I tillegg til å køyre hjullastar og drive knuseverket, har ho også prøva seg bak spakane i gravemaskin.

– Det var heilt greitt det, men eg har funne meg godt til rette i hjullastaren, så det er nok det eg kjem til å halde meg til, forklarer Tjønn.

– Betre enn helsevesenet

– Men det må vel seiast å vere store kontrastar mellom å køyre hjullastar og å stelle og pleie dei gamle?

– Det kan du trygt seie, men eg likar betre å laste singel enn å vaske og stelle dei gamle. Det må eg berre vere ærleg på. Og så er det no slik at det ikkje er alle dagar ein er i like godt humør. Vil eg vere sur ein dag så er det greitt i hjullastaren, men hadde eg jobba i helsevesenet måtte eg ha teke meg saman, meiner Tjønn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg er det ikkje bra å vere for lenge på ein arbeidsplass med stort sett berre kvinnfolk. Det er rett og slett ikkje sunt, slår ho fast.

Kan tenkje seg på anlegg

Ho bur hjå foreldra i vekene, men i helgene reiser ho til Flatdal der ho har slege seg ned.

– Det er greitt å vekependle, men eg må innrømme at eg blir litt lei av å bu heime heile veka, så for å vere ærleg kunne eg tenkt ut på anlegg, seier Tjønn.

Kva som skjer etter nyår veit ikkje ho ikkje, men ho kan truleg halde fram på Kolsåsen til våren att om ho ynskjer.

– Som sagt har eg mest lyst til å kome meg ut på anlegg, men me får sjå kva det blir til. Helsevesenet er eg truleg ferdig med, sjølv om eg ikkje kan spå i framtida, avsluttar Helene Tjønn før ho set seg i hjullastaren att på jakt etter meir masse som skal i knuseverket.