Fine produkt: Resultatet etter ei kurshelg var flotte smykke. Foto: privat.

Vil fylle ungdomshòlet med visuell kunst, gaming, friluftsliv og smiing

– Fråfallet av ungdom i kulturskulen er heilt enormt, seier kulturskulerektor i Vinje, Stine Beate Mondal Ljostad. Ho håpar nye tilbod med ei nedre aldersgrense skal endre dette.

Ungdomshòlet: Den blå delen av diagrammet viser dei 113 ungdomsskuleelevar som ikkje deltek i kulturskulen, medan den oransje delen er dei 22 ungdomsskuleelevane som er med. Dersom ein laga eit diagram for vidaregåande skule ville så og seie heile vore blått – der er berre ein einskild elev med i kulturskulen.

Dei nye tilboda i kulturskulen skal vere for elevar frå 8. klasse og oppover, og eitt av dei startar opp om få veker.

– Planen er å vere i gang med visuell kunst etter vinterferien, så her kan dei som er i 7. klasse også søke. Me håpar å fange opp dei kreative ungdommane som no sit heime ved pulten og kopierer YouTube, seier Ljostad. Ho opna påmeldinga i visuell kunst rett før jol, og nokre har alt meldt seg på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fann lærar i Smørklepp

Kunstnaren Anne Lene Thorsdatter Aase Willemsen flytta nyleg til Smørklepp saman med familien sin, der dei har starta opp ArtCamp Vinje. Ho arbeider også som illustratør og skal undervise i visuell kunst i kulturskulen.

I trygge hender: Kulturskulerektor Stine B. Mondal Ljostad (t.v.) er veldig glad for å ha rekruttert kunstnar Anne Lene Thorsdatter Aase Willemsen. – Då tek ho den ballen vidare, og eg veit at faget blir godt ivaretatt, seier Ljostad, som håpar ho også finn dei rette personane til å ta imot gaming- og friluftslivballane

Opplegget til Willemsen skil seg litt frå ein standard kulturskuletime.

– Øktene må vere på i alle fall eit par timar. Ein må jo ha tid til å koma seg inn i kunsten. Me vil starte med grunnteknikkar, og så gje elevane dei verktøya dei treng for å uttrykke seg som kunstnarar, forklarar ho.

– Då må me ta utgangspunkt i den einskilde eleven slik at dei kan finne sitt uttrykk etter kvart, til dømes gjennom teikning, måling, grafikk, digital kunst, teikneseriar eller animasjon.

Men undervisninga kan ikkje gå føre seg kor som helst.

– Me må ha litt takhøgde, godt ljos og plass til å stå og hoppe litt rundt. Det er viktig å kunne gå att og fram og studere arbeidet sitt. Dessutan kan me ikkje rydde frå gong til gong, så me måtte finne ein stad der staffeli og utstyr kunne få stå urørt heile veka.

Det var ikkje lett å finne eit rom som oppfylte alle desse krava, men til slutt lykkast dei.

– Me fekk eit godt lokale på Vinjar, så no skal me dit for å rydde og gjere i stand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ryddesjau: Willemsen er alt i gang med å rydde og klargjere i rommet på Vinjar som skal nyttast til visuell kunst. Ho ser føre seg at gruppa bør vere relativt lita, slik at kvar og ein får god oppfølging. – Eg veit ikkje akkurat kor stor gruppe det blir, men me kan i alle fall ikkje vere fleire enn 10, seier Willemsen.

Hardware og haldningar

Gaming og friluftsliv skal også fange opp heimesittarar som fell litt mellom stolane i dagens tilbod, til dømes dei som sit heime framom PCen og spelar, og dei som vil vere aktive men ikkje er interesserte i sport eller idrett.

Barn og unge sit ofte på rommet og formar seg som spelarar utan rettleiing. Det er skummelt. Det er som å sende ungar ut til friminutt utan ein vaksen.
Stine Beate M. Ljostad, Kulturskulerektor

Kulturskulen vil snart lyse etter lærarar til desse to tilboda, og Ljostad håpar at dei kan starte opp til hausten. Lærarane skal få forme faga, men det manglar ikkje på idear hos rektoren.

– Kanskje gaminggruppa kan lære om maskinvare og bygge sine eigne PCar. Og på friluftsliv kan dei bruke naturen og moglegheitene som finst gjennom året, og kanskje overnatte ute.

Når det gjeld gaming, er Ljostad også opptatt av haldningar.

– Barn og unge sit ofte på rommet og formar seg som spelarar utan rettleiing. Det er skummelt. Det er som å sende ungar ut til friminutt utan ein vaksen, seier Ljostad, som har arbeidd som lærar i mange år for ho overtok roret i kulturskulen.

– Det er også eit utbreidd problem med trakassering av jenter i spelverda. Dei vert skyfla ut av stygg språkbruk, og dette kan me motverke i kulturskulen. Samstundes er gaming ein arena som ligg godt til rette for inkludering, sidan ein kan delta nesten uavhengig av føresetnadar. Det opnar for ungdom med ulike behov, som igjen kan lage eit miljø for toleranse og utvikling.

Sylvsmed for ei helg

Eit ungdomstilbod som alt er under utprøving er helgekurs. I haust har kulturskulen hatt tre fullbooka helgekurs i sylvsmiing hos Ingrid Kollberg i Ravnjuv.

Fornøgd deltakar: Ein av dei ni heldige som fekk plass på eit helgekurs i sylvsmiing var åttandeklassingen Julie Hegnastykket Dokken. – Det var moro, og me lærte mykje, til dømes om verktøya sylvsmeden bruker, fortel Julie. Ho går også på sang og fele i kulturskulen. – Ei heil helg med til dømes fele hadde eg kanskje ikkje meldt meg på, men det var bra når me skulle lære eit handverk. Foto: privat.

– Me ser at ein del ungdom ikkje trivast med å binde seg til ei økt i veka slik ein vanlegvis har i kulturskulen. Derfor har me prøvd ut helgekurs, der ein får undervisning som tilsvarar eit halvt år i kulturskulen i løpet av ei helg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpet er å kunne utvikle helgekursa vidare med ulike typar kurs i samarbeid med lokale handverkarar. Men ei utfordring er kva det vil koste.

– Sylvsmedkurset var veldig vellukka, og dei laga så fine ting. Men med plass til berre tre elevar på kvart kurs og kostbart materiale, så vart det dyrt. For oss, altså, og ikkje for elevane. Dei betalte berre ei vanleg halvårsavgift i kulturskulen, ler Ljostad.

Fine produkt: Resultatet etter ei kurshelg var flotte smykke. Foto: privat.

Open dag

Sundag arrangerer kulturskulen «open dag» på Vinjehuset, og Ljostad håpar mange tek turen for å teste ut kva kulturskulen kan tilby.

– Tanken er at lærarane kan presentere faga sine, og så har dei førebudd ei kort økt. Dei som møter fram kan gå rundt til dei tilboda dei er nysgjerrige på og prøve om det er noko for dei.

Ho minner også om at kulturskulen er open for alle.

– Me kan ta inn både ungdom og vaksne, også frå andre kommunar enn vår eigen.