Ventar på svar på obduksjonen
Etterforskinga av dødsfallet på ein litauar på ei hytte i Rauland vil fortsetje utover veka. Politiet ventar no på svar på obduksjonen.
Natt til sundag blei ein 38-åring frå Litauen funnen død i ei hytte i Holtardalen i Rauland. Totalt var det sju landsmenn i bygget. Ein 35-åring blei frakta til Grenland politistasjon og sikta for vald med døden til følgje.
Politiadvokat og etterforskar Bjørn Bunkholt Sæter i Telemark politidistrikt uttala måndag, like før VTB gjekk i trykken, at ein ventar på svar på obduksjonen i løpet av kort tid (måndag eller tysdag).
Artikkelen held fram under annonsen.
Korleis kunne det skje?
– Det er ikkje klarlagt ein direkte dødsårsak. Det blir veldig interessant å få vite resultatet av obduksjonen. Eit hovudpoeng er at ein har grunn til å tru at dødsårsaka har samanheng med vald, men siktinga om vald kan bli endra. Me manglar framleis mange opplysningar som er viktige, seier Bjørn Bunkholt Sæter.
Han reknar med at mykje av etterforskinga er gjort i løpet av ei vekes tid.
Litauaren som er fengsla er avhøyrt.
– Han har gjeve ei framstilling av hendingsforløpet, men det er for tidleg å seie kva han har sagt, seier etterforskaren.
I går var teknikarar på åstaden for å gjere undersøkingar. Sidan hytta er sperra blei dei fem litauarane innlosjerte ein annan stad i Rauland. Dei er avhøyrde, og det same er hyttenaboar i Holtardalen.
– Litauarane har status som vitne. Me har fått forklaring frå dei, men det er for tidleg å gå inn på detaljar, seier Sæter.
– Noko ein kan undre på er korleis valden kan ha gått så langt i ei hytte der det er fem andre personar i tillegg?
– Det er slike spørsmål me også stiller, svarar Sæter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han seier det ventar nye rundar med avhøyr framover i saka.
Telemarksavisa har snakka med hyttenaboar, som fortel om bråk og at dei vakna av ein høglytt diskusjon frå nabohytta ved halv eitt-eitt-tida.
– Me tenkte ikkje noko meir over det, sidan det ikkje er uvanleg med litt bråk i helgene, sa naboen til TA.
Ho la til at det har vore utanlandske arbeidarar som har opphalde seg på nabohytta så lenge ho har hatt hytte der.
Ellefsens hytte
Gunnar Ellefsen i firmaet Telehytter stadfestar til Varden at dei litauiske arbeidarane var på Rauland for å arbeide med hyttebygging. Dei kom til Rauland tidlegare i veka, og Ellefsen besøkte dei på dagtid laurdag. Då var stemninga god, seier utbyggjaren.
– Det var mi utleigehytte dei lånte. Det var ein god gjeng, der halvparten skulle jobbe for oss i Telehytter og den andre halvparten for ein annan utbyggar, seier Ellefsen til Varden.
Advokat Andreas Nyhaug representerer den sikta 35-åringen. Til Varden seier han at klienten ikkje erkjenner straffeskuld.