– Eg gjev stafettpinen som inneber butikksjeftittelen til Eirik Holte frå årsskiftet, men eg kjem vel til å tumle rundt i butikken likevel, smiler Håvard Bratland (t.v.).
– Eg gjev stafettpinen som inneber butikksjeftittelen til Eirik Holte frå årsskiftet, men eg kjem vel til å tumle rundt i butikken likevel, smiler Håvard Bratland (t.v.).

Samlar aktørar i Bratlands-bygget

Bratlands forretning i Åmot har halde til i bygget sidan 1977. På dei vel 30 åra har det skjedd store endringar, og tida framover byr på ny spanande utvikling.

Håvard Bratland har arbeidd i Bratlands forretning sidan 1973. Når kalenderen viser 2010, er det meininga at han skal trappe ned aktiviteten, men ikkje tru at det betyr mindre satsing frå butikken si side.

– Det blir litt rart å ikkje vere butikksjef, og slik eg ser det kjem eg vel til å bli tumlande rundt her til eg blir kasta ut, smiler Bratland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utviklinga for daglegvareforretninga har vore svært positiv, og Bratland er svært takksam for at kundane er trufaste.

– Kundane er arbeidsgjevaren

– Me må aldri gløyme at det er kundane som er arbeidsgjevaren vår. Utan kundar har me ikkje nokon arbeidsplass, seier Bratland.

Han overtok ansvaret for butikken etter faren Knut, som starta opp ein av dei tri fyrste sjølvbetente daglegvareforretningane i Telemark.

– I 1952-53 starta far med sjølvbetent matvarebutikk. På den tid var det vel berre ein forretning på Rjukan og ein i Treungen som var sjølvbetent i tillegg. Så ein kan vel seie at Bratlands forretning har vore tidleg ute, forklarer Bratland.

Det har i den seinare tida vore ein del vurderingar om å flytte til nye butikklokale. No ser det ut til at det eksisterande bygget blir lokalet framover også. Butikken har halde hus i same lokalet sidan 1977, men med store utbyggingar undervegs.

– Etter kvart som me har auka omsetning og fått større kundemasse, har me utvida butikken etter som me har hatt råd til. Siste utvidinga skjedde for eit par år sidan, og då bygde me mellom anna nytt kjølerom. Det blei bygd på vel 100 kvadratmeter den gongen, seier Bratland.

Per i dag er heile forretningslokalet på om lag 1.600 kvadratmeter fylt med forskjellige handels- og servicebedrifter. Daglegvareforretninga disponerar rundt 1.100 av desse. Bratland er glad for at det er fleire forskjellige aktørar med, og han meiner senteret som no skal heite Bratlands-bygget gjev kundane eit breitt utval av varer.

Variert tilbod

– Me synest det er viktig å gje kunden ein heilskap, og i tillegg til butikken vår finn me i dag skobutikk, leike- og interiørforretning, frisørsalong, forsikringskontor, kafé og ikkje minst blomsterforretning, seier Bratland nøgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blomsterforretninga opnar dørene i dag, og ein av innehavarane, Daniel Holt, er spent på kva det vil seie å kome til ein meir sentral plass i Åmot sentrum.

– Me fann det passande å opne dørene i dag sidan det er Vinjedagen. No blir det spanande å sjå kva dette vil seie for oss. Tidlegare har me halde til i huset som kommunen eig ved hotelltomta, men no har me kome meir i sentrum, smiler Holt.

Godt eigna lokale

Saman med kona Gunn Torfrid Bratland har han drive butikken med namnet Blomen i fleire år. Han føler dei no har fått eit lokale som passar ypparleg til føremålet.

– No har me innreidd lokalet sjølve, og fått det slik me ynskjer. Det er også meir praktisk med tanke på å få varene på plass i butikken. I tillegg er det atskillig betre parkeringshøve her, seier Holt, som er svært positiv til utviklinga som skjer i det nye senteret.

– God atmosfære

Aud Trovatn driv frisørsalongen, skobutikken og leike- og interiørbutikken i senteret. Ho er svært glad for at senteret er fylt opp, og ho er også glad for at Bratlands forretning valde å bli i bygget.

– Det var svært viktig for meg at alle aktørane blei verande i dette koselege bygget. Me har eit veldig triveleg miljø og atmosfære her. Dei nye murklossane som ein ser veks fram klarar ikkje å skape ei tilsvarande stemning. Det blir noko kaldt og upersonleg over det, meiner Trovatn.

– Treng gard med kar

I tillegg til å vere forretningskvinne, har Trovatn drive med angorageiter ein del år. Men no vil ho trappe ned den delen.

– Det har seg slik at det blir for mykje arbeid etter kvart, og no har eg rundt hundre geiter. Litt av problemet er plassmangel, men også at eg eventuelt treng hjelp om eg skal halde på. Så om du kan skaffe meg ein kar med gard så kan eg tenkje meg å behalde geitene eg, ler Trovatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kakeringen driv kafé i senteret, og Bratland meiner dei har ei svært sentral rolle i bygget.

– På line med dei andre aktørane er også Kakeringen viktig. I tillegg til å drive kafeen som er eit veldig viktig samlingspunkt, produserer dei også eigne varer som dei sel både i kafeen og gjennom forretninga vår, seier Bratland.

– Gjev oss sterkare ryggrad

Daglegvareforretninga er med i Norgesgruppen og er i dag ein Spar-butikk. Norgesgruppen har også kjøpt seg inn i drivarselskapet til Bratland.

– Frå fyrste august i år kjøpte kjeda 50 prosent av aksjane. Det gjev oss ei mykje sterkare ryggrad, og fortel oss også at dei har tru på oss, forklarer Bratland.

Det er elles ein del andre forbetringar og nyvinningar på gang i senteret, men det ynskjer ikkje Bratland å seie så mykje om no.

– Det eg kan seie er at me har planar om å lage eit felles inngangsparti til senteret, og at det er fleire spanande prosjekt på planleggingsstadiet, seier Bratland.

Januar 2010 skal altså mannen som har brukt mesteparten av livet i daglegvarebransjen trappe ned, og ny butikksjef er på det nærmaste klar.

Ny butikksjef i 2010

– Det har kome ein kar til kommunen som har brei erfaring frå daglegvarebransjen, og han er i dag tilsett som assisterande butikksjef her. Når me blar om til nytt år på kalenderen, skal altså Eirik Holte ta over jobben min, seier Bratland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Holte gler seg til å bli butikksjef, og han reknar med at Håvard Bratland blir å finne i butikken framover også.

– Eg har stor forståing for at Håvard truleg ikkje klarer å bråslutte etter så mange år bak roret i denne flotte forretninga, smiler Holte.

– Det er klart at livet i forretninga har blitt ein livsstil. Eg har aldri vore vant til vanlege arbeidstider, og det blir rart å skulle venje seg til rolegare dagar. Når det er sagt har eg nok blitt flinkare med åra til å ta meg litt fri av og til. No kan eg faktisk vere vekk 10-12 dagar, det klarte eg ikkje før, avsluttar den blide kjøpmannen.