Auke siste 15 år: Talet på offer for vald i nære relasjonar har samla sett auka mykje sidan 2006. Saka som no vert handsama i tingretten er av same kategori som den lilla lina. I 2006 vart det registrert 331 kvinnelege offer i den lilla kategorien, medan talet var nær sjudobla i 2021. Tala for mannlege offer ligg lågare, men følgjer om lag same kurven. Grafen er laga av bufdir, basert på tal frå SSB. Kjelda for desse tala er politiets straffesaksregister.

– Han heldt kniven mot halsen til kjæledyret mitt og sa han skulle drepe det. Eg ropa for å stoppe han. Då kasta han kniven mot meg

Den store kjøkkenkniven skal ha treft veggen ved sida av kvinna så hardt at den vart ståande fast. Dette var ein av dei fyrste gongene temperamentet til mannen vart retta direkte mot henne.

Tysdag starta straffesaka mot mannen i Telemark tingrett. Han er tiltalt etter § 282 i straffelova, for at han ved truslar, vald eller andre krenkingar, alvorleg eller gjentakande, har mishandla sin noverande eller tidlegare sambuar. Det er sett av fem dagar til rettssaka.

Den tiltalte erkjenner ikkje straffeskuld etter tiltala.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Vest-Telemark

Knivkastinga skal ha skjedd sommaren 2018, i eit hus i Vest-Telemark eigd av den tiltalte. Dei fleste fysiske åtaka skjedde her og i eit hus i nærleiken, forklarte den fornærma kvinna i retten tysdag.

Det var tydeleg at det var vanskeleg for kvinna å forklare seg. Før ho vart kalla inn hadde den tiltalte mannen gått med på å forlate rettssalen saman med sin forsvarar for å følgje med på videolink frå eit anna rom. Kvinna braut likevel saman i gråt før ho fekk sett seg ned i vitneboksen.

Forlet salen: Forsvarar Borgar Veiding var førebudd på at han og hans klient måtte forlate salen før den fornærma kvinna skulle forklare seg.

Vart åtvara

Dei to vart kjende våren 2017. Kvinna var då i slutten av tenåra og mannen midt i tjueåra, og dei to hadde stadig meir kontakt i løpet av året som følgde. Den tiltalte hadde ein dom mot seg for vald mot ein tidlegare kjærast, og det mangla ikkje på åtvaringar. Også den tiltalte nemnde desse åtvaringane då han forklarte seg i retten onsdag.

– Det var ingen som lika at me blei saman, på grunn av fengselsgreiene mine, forklarte han.

Trass i åtvaringa ho fekk, tok den fornærma kvinna med seg tinga og kjæledyra sine og flytte inn saman med mannen sommaren 2018. Ho trudde då at dei var kjærastar og at dei blei sambuarar då ho flytte inn til han, men det er ikkje den tiltalte einig i. Han meinte dei ikkje blei «ordentleg saman» før sommaren etter.

Roleg inntrykk

Gjennom heile forklaringa si snakka den tiltalte med roleg og forsiktig stemme. Innimellom snakka han så lågt at han måtte gjenta svara sine for aktor. Han meinte at han sjølv også vart åtvara mot å bli saman med den fornærma kvinna, og at han blei feilaktig dømt i den tidlegare straffesaka.

Ein av aktorane: Viktoria Vikstøl er ein av to aktorar i rettssaka. Ho stod for utspørjinga av den tiltalte onsdag.

Mannen nekta for å ha truga med å bruke kniv mot kjæledyret til kvinna og for å ha kasta kniven.

– Eg har aldri vore slem mot eit dyr, sa mannen, som også meinte det var lett for den fornærma å påstå ting for å ta han, og at den tidlegare dommen gjorde det lett å førehandsdøme han no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Såg raseriet

Den fornærma fortalte at ho tidleg såg eit døme på kor sint tiltalte kunne bli. Då hadde ein eks-kjærast av den tiltalte delt ein video i sosiale medium av at den tiltalte angreip henne med ein vaskestav. Den fornærma kvinna og ei venninne skal ha sett videoen medan tiltalte var til stades.

– Då klikka han heilt. Han kasta ein forsterkar gjennom vindauget og reiv ned dører, fortalte den fornærma kvinna i retten.

Aktor: Ingrid Wiik heldt innleiingsforedraget og var den som i hovudsak stilte spørsmåla til den fornærma kvinna.

Ho skildra korleis ho alltid var stressa og redd heime, sidan ho aldri visste når han kunne bli sint. For henne var heimen det motsette av trygg.

– Eg var stressa heile tida, alltid på vakt.

Sinna – veldig sinna – fly forbanna

Mannen fortalte ein del om eiget temperament i retten, og vedgjekk at han hadde hatt eit sinneproblem i mange år, heilt sidan barne- og ungdomsskulen.

– Eg prøvde å oppsøke hjelp, men eg fekk det ikkje. Eg var ikkje sinna nok, visst.

I tidlegare avhøyr har mannen forklart at han skil mellom tre grader av sinne. Var han sinna kunne det føre til at han slengde med kjeften. Var han veldig sinna kunne han også finne på å kaste ting. Og var han fly forbanna kunne han kjefte og kaste ting, men også gå til fysiske åtak.

– Eg har blitt fly forbanna kanskje ti gonger i løpet av tida me har vore saman, sa den tiltalte. Han var einig i at sinnet hans kunne vere uføreseieleg for den fornærma.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tok det ut på henne sjølv om det eigentleg var familie eller ein kompis eg var sint på.

Fysisk vald

Ifølgje tiltala skal den fornærma kvinna ha blitt utsett for jamleg vald og truslar i ein treårsperiode, frå sommaren 2018 til sommaren 2021.

Då han kvelte meg, trudde eg at eg skulle dø. Eg fekk ikkje puste.
Den fornærma kvinna
Eg har har til dags dato aldri slått nokon, og heller ikkje lugga, kvelt eller sparka. Eg har berre tatt sinnet ut på ting.
Den tiltalte mannen

Dette skal ha omfatta fysiske handlingar, som dytting, slag, spark, lugging, kvelartak og kasting av gjenstandar mot henne. Av dette er det kvelartaka som var aller verst, ifølge den fornærma kvinna.

– Dytting og slik var vanleg, men då han kvelte meg trudde eg at eg skulle døy. Eg fekk ikkje puste, forklara ho i retten.

Den tiltalte kjende seg ikkje att i dette.

– Eg har har til dags dato aldri slått nokon, og heller ikkje lugga, kvelt eller sparka. Eg har berre tatt sinnet ut på ting, sa han.

– Eg har dytta henne nokre gonger når me har krangla. Men det gjekk begge vegar. Ho har dytta meg også, og sparka meg.

Gjekk laus på tinga

Mannen var einig i at åtferda hans hadde retta seg mot gjenstandar den fornærma kvinna eigde, og innrømte mellom anna knusing av tre mobiltelefonar, ein pc, og bulking av ein bil ho disponerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har kasta ting når eg blir sint, men eg har aldri kasta dei på henne. Og eg har alltid erstatta det eg har øydelagt, fortalde den tiltalte i retten. Han understreka også at han hadde betalt det aller meste av paret sine utgifter.

Psykisk vald

Eg hadde knekt nakken på både han og deg viss eg hadde visst de skulle vere i same bil.
Melding frå tiltalte til fornærma

Den tiltalte skal også ha utøvd psykisk vald i form av stygg språkbruk, og den fornærma kvinna kjende seg overvaka.

– Då eg flytta inn vart han meir sjalu og kontrollerande, og skulle vite kor eg var til ei kvar tid – når eg slutta på jobb, om eg skulle på butikken. Eg blei stressa av å reise på butikken viss eg ikkje hadde gitt beskjed til han, fortalte kvinna i retten.

– Eg vart sint når ho laug til meg, sa den tiltalte.

Mannen fekk ofte vite kva ho eigentleg gjorde ved at folk sende han snap. Ved eit høve reiste den fornærma og ei venninne på ein tur saman med to andre gutar. Då ein snap viste at ho var i same bil som desse gutane, vart tiltalte rasande.

«Eg hadde knekt nakken på både han og deg viss eg hadde visst de skulle vere i same bil,» skreiv den tiltalte til fornærma. Samstundes hadde den tiltalte sjølv framleis eit forhold til ei anna kvinne, og meiner sjølv at han ikkje var «ordentleg saman» med nokon av kvinnene.

Drapstrugsmål

I retten innrømte tiltalte at han hadde truga fornærma i diskusjonar eller kranglar som vart skikkeleg ille.

– Eg sa at eg skulle drepe meg sjølv, andre eller henne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva med kjæledyra?

– Det har eg sikkert også sagt.

– Kor ofte kan det ha skjedd?

– Eg veit ikkje. Kanskje ein gong i månaden.

Men også trugsmåla gjekk begge vegar, ifølgje den tiltalte.

I etterforskinga har telefonane til både fornærma og tiltalte blitt tømt, og innhaldet i chattar og meldingar utgjer eit materiale på om lag 600 sider som vil bli gjennomgått seinare i rettsaka.

Den fornærma kvinna fortalde om fleire forsøk på å gjere det slutt og flytte. Den fornærma kvinna fortel om redsle og panikkanfall der ho berre begynte å skrike. Den tiltalte vart spurt om han hadde oppfatta at han skremte henne.

– Ho har vore flink til å bruke krokodilletårer og spela på det, svara den tiltalte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men kan det ha vore ekte tårer, og ikkje krokodilletårer? spurte bistandsadvokaten.

– Det kan det ha vore av og til.

– Kva andre reaksjonar har du sett?

– Ho har begynt å skrike. Då har eg reist, for eg orkar ikkje skrikinga.

– Har du prøvd å trøste?

– Eg har prøvd, men det er ikkje så lett.

Bistandsadvokaten: Lill Kristin Nilsen er bistandsadvokat for den fornærma kvinna, og tok vare på henne gjennom rettssaken.

Så flykta ho

I mai 2021 greidde den fornærma kvinna å få med seg kjæledyra inn i bilen sin og flykte. Den tiltalte mannen følgde også denne gongen etter henne, la seg rett bak henne og blinka med lysa, og køyrde forbi tett inntil bilen hennar.

– Eg var redd han skulle presse meg av vegen, sa kvinna.

– Eg ville berre skremme henne, forklarte den tiltalte mannen.

Denne gongen snudde ikkje kvinna. Ho reiste til foreldra sine og kontakta politiet.

Heldt det skjult

Den fornærma kvinna snakka ikkje med nokon om hendingane ho vart utsett for medan det gjekk føre seg.

– Eg hadde dårleg samvit for venene mine. Dei hadde jo prøvd å åtvare meg, og i periodar hadde eg vore veldig veldig sint på dei fordi dei snakka stygt om han. Så eg hadde ikkje lyst til å innrømme at eg hadde tatt feil. Dessutan mista eg tillit til folk, sidan mange sende han meldingar når eg var ein stad. Han fekk alltid greie på kva eg gjorde.

– Som ein form for spionar?

– Ja.

Torsdag og fredag vil bevisa i saka bli lagt fram, mellom anna 600 A4-sider med materiale frå kommunikasjon mellom fornærma og tiltalte, der retten vil få presentert eit utdrag. Ein vil også avhøyre fleire vitne frå familie, vennekrins og politiet.

Sluttprosedyrane vert halde fredag dersom tida strekk til, men ein har også sett av tid måndag dersom det skulle bli naudsynt.

Dommar: Tingrettsdommar Morten Thomsen er dommar i Telemark tingrett.