Utanfor den fyrste verkstaden på Lio Auto i 1946 (foto frå biletarkivet til Lio Auto). To verkstadar og 67 år seinare er det framleis full aktivitet på Lio Auto (under).
Utanfor den fyrste verkstaden på Lio Auto i 1946 (foto frå biletarkivet til Lio Auto). To verkstadar og 67 år seinare er det framleis full aktivitet på Lio Auto (under).

75 år med Lio Auto

Fjerde generasjonen Lio arbeider no i Lio Auto. I dag feirar verksemda 75-årsjubileum.

– Me må no halde ut i alle fall i 25 år til vel, seier Nils Olav Lio, med eit smil. Han er barnebarnet til Nils Lio som starta opp familieverksemda i 1938. I dag feirar dei jubileet med kaffi og kake til alle som kjem innom.

Også faren Kjell meiner det er ein arbeidsplass til å trivast på. At han har fylt 70 år er inga hindring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kunne ha slutta for lengst, men det er triveleg å ha noko å pusle med, seier han, medan han fyller på med brus i kjøleskåpet.

– Far surra rundt her til han var 90, men så lenge skal eg ikkje halde på!

Kjell har arbeidd på Lio Auto i om lag 50 år.

– Me var med heilt frå me var gutungar, men det gjekk nokre år med militære og skulegang før me kunne byrje her som skikkelege arbeidskarar.

Og det gjorde dei. Sju av dei tolv tilsette på Lio Auto er etterkommarar av Nils. To av dei er fjerde generasjonen og arbeider på bensinstasjonen ved sida av skulen, men om verksemda vil bli driven vidare i familien er ikkje Nils Olav sikker på.

– Me vil gjerne ha dei hit viss det er det dei vil, men det er sjølvsagt mykje anna som freistar. Det er visst Nordsjøen som er det store for mange av ungdommane no. Men eit 100-års jubileum må me vel få til uansett!

Byrjinga

Historia til verksemda går enno lenger tilbake i tid enn 75 år. Nils Lio hadde i fleire år vore med far sin og arbeidd som smed då det byrja å koma bilar i tillegg til alle hestekjerrene.

– Bestefar kom godt i hug den fyrste bilen som kom over Byrte. Dei høyrde han lenge før dei såg han. Han bråka visst fælt, kan Nils Olav fortelje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter kvart kom folk som hadde problem med bilane innom og Nils Lio såg at det var bruk for ein bilverkstad i området. Ein stadig auke i talet bilar gjorde at han i 1938 kunne opne både bensinstasjon og bilverkstad under namnet Lio Auto.

– På mange måtar var smeden dåtidas bilmekanikarar. Dei reparerte kjerrer og laga hjul, fortel Nils Olav, og syner fram eit hjul bestefaren laga i tida som smed.

I den fyrste verkstaden var det plass til ein bil og ei smie.

I byrjinga vart 200-litersfat med Esso-bensin frakta på båt opp Bandakkanalen for så å bli pumpa for hand over i bensintanken. Etter kvart som etterspurnaden vart større og vegane betre, byrja tankbilane å forsyne dei med drivstoff.

Trufaste kundar

I dag går verksemda bra og dei har mykje å gjera, kan Kjell fortelje.

– Men me er avhengige av alle kundane me har frå nabokommunane, og då spesielt Vinje. Dei har gjerne ein verkstad nærare, men vel likevel å koma til oss. Det må me sjå på som et godt teikn.

Nils Olav trur det er ekstra viktig å yte god service når ein driv på ein liten stad.

– Det er ikkje så lett å få nye kundar her, så me må halde på dei me alt har.

Artikkelen held fram under annonsen.

May Anette Sollie er på Lio Auto for å fylle bensin, og ho kan stadfeste at det er triveleg å stikke innom Lio Auto.

– Det er alltid koselege folk her, seier ho.