Må investere i barnehagen
To ikkje godkjende barnehagebygg i Fyresdal gjer at politikarane må vurdere nybygging eller renovering.
Fylkesmannen i Telemark fann eit viktig avvik då han hadde tilsyn med bygga som har barnehagedrift i Fyresdal. Kommunen kan ikkje leggje fram dokumentasjon som viser at Fyresdal barnehage er godkjend etter lov om barnehagar. Barnehagen i kommunen har fem avdelingar lokalisert i tri bygg.
Foreldre til unge i barnehagane i Fyresdal er orienterte om at både Gardar-bygget og lokalet i Hegglandsgrend ikkje er godkjende for barnehagedrift etter barnehagelova.
Artikkelen held fram under annonsen.
På lang sikt tilfredsstiller ikkje desse bygga moderne krav for opphaldsrom der barn er. Sjølv om bygga ikkje er godkjende, er det ikkje farleg for barna å vere der, presiserer sektorsjef Torny Strand Moripen overfor VTB.
Større utbetringar
Det må gjerast mange mindre og større utbetringar for at dei to bygga skal bli godkjende. Eit døme er ventilasjonen, ei sak som gjer at barnehagen luftar mykje.
I samband med dei nødvendige utbetringane, slår sektorsjef for teknisk fast at utgiftene gjer det uforsvarleg å ruste opp bygga.
Dei større utbetringane har ei kostnadsramme på nær to millionar kroner. Over halve summen vil det koste å installere ventilasjonsanlegg på Gardar.
Fyresdal barnehage har ikkje hatt tilsyn etter plan- og bygningslova, men ein veit at Gardar og Hegglandsgrend ikkje oppfyller krava til universell utforming. Særleg Gardar må ha store ombyggingar for å få til universell utforming av bygget. Sjølv om ein tenkjer at det bare skal gjelde alle dørstokkane, for smale dører, inngang, toalett for funksjonshemma og så vidare i 1. etasje. Dette vil gje ein ikkje ubetydeleg meirkostnad, skriv Strand Moripen i saka som kommunestyret har fått.
Vidare påpeikar sakshandsamaren at det er fleire årsaker til at ein bør auke pedagogtettleiken i barnehagen: Ein veit at kravet til pedagogisk innhald og læring blir sterkare og sterkare framheva. Det blir stadig fleire barn med rett til spesialpedagogisk hjelp. Vidare er det slik at kommunen satsar på innvandring, og det krev større grad av språkoppfylging i barnehagen. Fyresdal barnehage har i dag ti barn med anna morsmål enn norsk.
Felles bygg?
Kommuneadministrasjonen meiner at den på sikt beste og mest kostnadseffektive løysinga er å utarbeide ein plan for nybygging/renovering av barnehagen.
I sist kommunestyremøte blei det gjeve full støtte til rådmannens tilråding om at frå og med neste budsjettår blir nybygg/renovering av Fyresdal barnehage tatt inn i kommunens investeringsplan for dei neste fire åra. I tilknyting til haustens budsjettbehandling blir det vurdert om styringsgruppa for kommunale tenestebygg skal få mandat til utarbeiding av forprosjekt.
Artikkelen held fram under annonsen.
I same møtet gav politikarane dispensasjon til å halde fram med dagens barnehagedrift, fram til nytt bygg er på plass. Så får tida vise om alle avdelingane blir samla i eit bygg.
Eg håper veldig på ei samlokalisering av barnehagen i Fyresdal, seier Strand Moripen til lokalavisa.
Er også Gardar med i den samlokaliseringa?
Er det ikkje mykje plass bak skulen og innover der, då, svarar sektorsjefen, spent på kva løysing som blir vald.