Nå er frysen på omsorgssenteret fylt med 170 kilo kortreist elgkjøt. – Det blir mange gode middagar
Tidlegare fekk det kommunale kjøkenet på Kviteseid omsorgssenter (KOS) heile dyr til partering og bruk, men så vart lovverket endra. Nå kjem kjøtet ferdig pakka frå slakteriet i Nissedal. – Det er fint at me kan nytte oss av kjøtet, seier kjøkkensjef Kristian Verstod.
Einingsleiar for kjøken i Kviteseid kommune, Kristian Verstod, hadde akkurat tatt opp den siste pakka med elgkjøtdeig frå fryserommet på Kviteseid omsorgssenter, då landbruksrådgjevar i kommunen, Audun Aasmundtveit, melde at nå kunne kjøkkenet få påfyll av nytt, kortreist elgkjøt frå fallvilt.
Og påfyll har det blitt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Aasmundtveit, som gjer ein veldig god og usynleg jobb, har levert om lag 170 kilo elgkjøt i tre leveringar frå slakteriet i Nissedal til oss dei siste vekene. Det set me stor pris på, seier Verstod.
Han kyter også av Kjerstin Lia og Svein Olav Odden som har bygd opp slakteriet i Kyrkjebygda.
– Det er friskt satsa av dei, og det er trygt og godt å få levert kjøt frå eit nytt og godkjent slakteri, seier kjøkkensjefen.
Mange middagar
Tidlegare tok Verstod imot heile dyr frå fallvilt som blei grovpartert, delt og pakka i porsjonar på kjøkkenet, men så blei reglane endra og dette blei ikkje lov lenger.
– Den tid er forbi. Men nå er me veldig glade for at me får nytte ressursane frå kommunen sitt fallvilt, og at me kan tilby brukarane mat frå kjøtet, seier Versto.
Han meiner det er veldig bra at kommunen har starta samarbeid med slakteriet i Nissedal.
God variasjon
Verstod fortel at dei på KOS lagar menyplan for fem veker om gongen. Av elgkjøtet som nå fyller mange hyller inne på fryserommet vil det kommunale kjøkkenet lage mange porsjonar med elgkjøtkaker, viltkarbonadar, elgsteik eller elggryte til glede for mottakarane den komande tida.
På fem veker har KOS om lag 30 middagar, og då er kunsten å skape variasjon og legge inn litt viltmiddagar innimellom.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg nyttar kanskje 5-6 kilo elgkjøt til ei middagslevering som går til brukarane på Kos, Lundenjordet og heimebuande eldre som får middag frå oss. Så med 170 kilo elgkjøt på frysen er det fullt her, og mange gode middagar til mange i tida som kjem, seier kjøkkensjefen med eit nøgd smil.