Mat- og naturbasert næringsutviklar
Dyrskun Arrangement vil vere ein viktig utviklingsaktør - såkalla inkubator - for mat- og naturbasert næring. Det skal også etablerast utsal for lokalprodusert mat på Dyrskuplassen. Dagleg leiar Henry Mæland seier at om alt går som håpa vil den nye aktiviteten vere i gang frå januar neste år.
Fellesfondet løyver 80.000 kroner til delfinansiering av eit forprosjekt som innan utgangen av året skal avklare korleis Dyrskun kan utvikle seg til det viktige kompetansesenteret for småskala-matprodusentar. Ei viktig oppgåve vil vere å skape gode nettverk i høve til andre fagmiljø og mellom produsentane. Forprosjektet er rekna til 280.000 kroner.
Dette vert meir enn ei lokal sak for Vest-Telemark. Her snakkar ein om oppgåver også utanfor Telemark fylke om me vert eitt av dei nye inkubatorprogramma statlege SIVA vil setja i verk for å fremme mat- og naturbasert næring, fortel Henry Mæland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dyrskun har alliert seg med både fylkeskommunen, Fylkesmannens landbruksavdeling, Innovasjon Noreg, Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU) og Seljord kommune for å verte ein av tri nasjonale inkubatorar på småskalamatområdet. Representantar frå SIVA i Trondheim har vore på Dyrskuplassen for å sjå på det nye prøvekjøkenet og andre fasilitetane i nybygget.
I kjerneverksemda
Gardbrukarar som satsar på produksjon av småskalamat treng kvalifiserte diskusjonspartnarar, ein stad å prøve ut idéane sine og ikkje minst hjelp til næringsutvikling og marknadsføring. Det er denne rolla Dyrskun ynskjer å ta på seg, og med eit veldig nettverk til landbruket og matproduksjon, meiner Mæland at dette er eit konsept som passar godt inn i kjerneverksemda deira.
Dyrskun har gjennom fleire år hatt stor satsing på matproduksjon. Under Dyrskun i september er det eige messetelt for lokalmatprodusentar. Nyetablerte småskalamatprodusenter har hatt prioritet for å få salsplass på Dyrskun. For knapt to år sidan vart Dyrskun Mat og Kompetansesenter etablert. I alt 12 millionar kroner er investert i kurssenter, kjøkenavdeling, kjølelager, viltmottak, gardsmatutsal, serveringslokale og møterom.
Få fram produsentar
Inkubatorprogramma har som ambisjon at det vert etablert fleire produsentar innan mat- og naturbasert næring, påpeiker Henry Mæland.
I samband med desse ambisjonane synes Henry Mæland den nye trenden med såkalla terroir-tenking er interessant for mellom anna Vest-Telemark. Smak av jord, eller terroir som franskmenn kallar det, er i dag eit av dei mest «trendy» omgrepa for karakterisering av mat med spesielle eigenskapar.
Kan du utdjupe nærare kva som ligg om terroir-omgrepet?
Omgrepet er karaktertrekk som eit produkt har fått på grunn av lokale faktorar, og som pregar kvalitetsoppfatninga av produktet. Her har me eit omgrep som betyr meir enn kva jordsmonnet kan medverke til matproduktet. Det inkluderar også alle dei andre faktorane som til dømes det lokale klimaet og genetiske eigenskapar, forklarar Henry Mæland.
Ulike smakskarakterar
Dyrsku-leiaren nemner at det i Noreg med ekstreme variasjonar i natur og distrikt er eit stort potensiale for spesielle produkt. Me veit at lam som har beita ved kysten gjev eit fantatsisk mørt kjøt med karakter av salt og friskt gras. Naturbeite i høgareliggande strøk har planter som veks seinare og får ein annen kjemisk samansetting som set sine preg på husdyrprodukta frå desse områda. Mjølk og mjølkeprodukt vert prega av beitefaktorane fordi mjølkesmaken er ein refleksjon av feitt- og proteinsamansettinga i fôret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette er berre nokre døme på at lokale matprodukt laga av lokale råvarer og lokale husdyrrasar har alle føresetnader for å kunne ha spesielle eigenskapar. Men dei særeigne eigenskapane må dokumenterast, synleggjerast og marknadsførast saman med kulturhistoria bak produktet. Som eit utviklingssenter for mat- og naturbasert næring vil dette vere sentrale arbeidsområde, fortel Henry Mæland.