– Eg blei litt stressa, og det blei frykteleg tungt når eg hamna i gjørma, seier Ida Lauvdal Brubakk.
– Eg blei litt stressa, og det blei frykteleg tungt når eg hamna i gjørma, seier Ida Lauvdal Brubakk.

Høydalsmojente i hysterisk hinderløype

Ida Lauvdal Brubakk (20) frå Høydalsmo blir å sjå på TVNorge fyrstkomande måndag. Ho er ein av deltakarane i underhaldningsprogrammet med den unorske namnet «Wipeout».

Ida Lauvdal Brubakk studerar til sjukepleiar i Stavanger. Etter tri år på vidaregåande skule i Bø, sette ho kursen for oljehovudstaden sist haust. Sist sommar såg ho reklame for eit fjernsynsprogram TVNorge skulle lage, og dei hadde bruk for deltakarar.

– Eg fekk med meg reklamen og sendte ein søknad saman med nokre videoklypp av meg sjølv slik TVNorge forlangte, seier Ida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til Argentina

Tida gjekk og jenta frå Høydalsmo hadde nesten gløymt heile søknaden då ho fekk beskjeden om at ho var plukka ut til å vere med.

– Det var absolutt ingenting som tilsa at eg skulle kome med, men eg fekk beskjed om å gjere meg klar til å reise til Argentina og Buenos Aires 2. desember. Gjett om eg blei glad, smiler ho.

Det er vel ikkje sikkert lærarane på sjukepleiarskulen blei like fornøgde, for Ida skulle eigentleg ha eksamen på denne tida.

– Eg fekk heldigvis utsette eksamen, og det var ei fantastisk veke i Argentina. Saman med dei andre deltakarane var me, i tillegg til å spele inn programmet, ute og shoppa og såg oss rundt, forklarar 20-åringen.

– Fytti grisen, så tungt

Fyrstkomande måndag kjem andre program i serien, og då får sjåarane stifte nærare kjennskap med ungjenta.

– Det blir spanande å sjå korleis dei har klypt og lima programmet. Eg veit ikkje kor mykje av min innsats som blir vist, men eg gledar meg til å sjå programmet og ikkje minst høyre kva programleiarane har å seie, ler Ida.

Sjølv om ho hadde eit flott og spanande opphald i Sør-Amerika, var sjølve konkurransen knallhard.

– Fytti grisen så tungt det var dei gongene eg hamna i gjørma. Og så blei eg nokså stressa, for det er meininga at ein skal bruke kortast mogleg tid på å forsere hinderløypa, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor oppleving

Ho vil ikkje avsløre korleis det gjekk i konkurransen, men ho var i alle fall nøgd med innsatsen.

– Det heile var ei stor oppleving eg ikkje ville ha vore utan. Me brukte vel fire dagar på opptaket, og resten av veka kunne me nytte til å sjå oss rundt. Det var fantastisk rett og slett, avsluttar ein spent 20-åring frå Høydalsmo.

Fyrstepremien i konkurransen er 50.000 kroner.

Wipeout:

- Fjernsynsprogram på TVNorge.

- Hinderløype som skal forserast på kortast mogleg tid.

- Deltakarane hamnar i vatnet eller i gjørma om dei ikkje forserar eit hinder.