– Det er fint å kunne samarbeid om slike arrangement, seier Kelly Westrik. Ho er leiar av Barnas turlag i Seljord.
Saman mad leiaren av lokallaget i Kviteseid, Tone Patricia Byggland inviterte ho til varierte aktivitetar på isen i Morgedal sundag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein dag for alle
Nokon gjekk på skøyter, andre på ski. Nokon spela ishockey, andre køyrde hundespann.
– Dette skal vere ein dag for alle. Poenget er at ein skal kome seg ut og treffe andre, seier Byggland.
– Og dette arrangementet er også tilrettelagt for personar med funksjonshemming, seier Westrik.
Dei har fått god hjelp av idrettslaget i Morgedal, som har køyrt løyper og brøyta isen. Dei set pris på det, at ulike lag kan hjelpe kvarandre.
Det skal vere enkelt å kome seg ut
Barnas turlag bruker å ha seks arrangement i løpet av året. Lokallaga i Seljord og Kviteseid samarbeider om desse. Og dei er opptekne av å leggje lista lågt.
– Målet med turane våre er å gjere det enkelt, slik at det er lett for folk å kome seg ut, seier dei to lokallagsleiarane.