Hindra nedlegging av tilbod
Ein overbevisande argumentasjon frå både tidlegare tannlege i Treungen og Nissedal-ordføraren, fekk fylkestannlegen til likevel å lyse ut tannlegestillinga. To av mange søkjarar skal til intervju.
Nissedalordførar Halvor Homme høyrde tilfeldig at tannlegen i kommunen skulle slutte.
Me har ikkje blitt informert av fylkeskommunen at me stod i fare for å miste tannlegen. Eg tok ein prat med tannlegen i Treungen, og ho stadfesta at ho skulle slutte, seier Homme til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Christine Baumgartner, som har vore tannlege i Treungen ein del år, fortel til lokalavisa at ho skal på vidareutdanning i Oslo i tre år, for å bli spesialist og etterpå arbeide på ein tannklinikk i Arendal.
Tenkte å leggje ned
Ordføraren blei uroa då han forstod at no kunne det bli slutt på tannhelsetilbodet i kommunen. Han slo på tråden til fylkestannlege Turid Kristoffersen, ei samtale som varte i ein time. Ein annan nissedøl som også hadde tala varmt om å oppretthalde stillinga i Treungen, var Baumgartner.
Var utgangspunktet å leggje ned stillinga som tannlege i Treungen?
Spørsmålet frå VTB går til fylkestannlege Kristoffersen. Ho svarar fyrst med å vise til stramme økonomiske rammer, og at det eigentleg er for få brukarar av tannlegekontoret i Treungen til at det kan vere ei heil stilling der.
Eg var inne på tanken om å leggje ned stillinga. Nissedalordføraren og Baumgartner la fram saka på ein så overbevisande måte, at dei fekk meg til å snu. Dagen etter blei stillinga lyst ut, svarar fylkestannlegen vidare.
Mange søkjarar
Etter at søknadsfristen var ute, viste det seg at ein hadde fått mange søkjarar. Nesten alle er utanlandske frå Sør- og Aust-Europa.
Dessverre var det få norsktalande søkjarar. I saka legg me vekt på at det i Treungen er einmannsklinikk, tannlegen må ha norsk autorisasjon og me vil ha ein som snakkar norsk slik at han kan kommunisere med barn, vaksne og eldre, seier Kristoffersen.
Men heldigvis har me også to svært godt kvalifiserte søkjarar. Dei har sagt dei vil ha jobb i Treungen, så får me sjå om me kan lokke nokon dit til ein veldig fin og nyoppussa klinikk. Eg har tru på at det kjem tannlege der att, held fylkestannlegen fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når skjer tilsettinga?
Me skal intervjue dei to i neste veke. Planen er at ny tannlege er på plass i Treungen i august eller september, svarar fylkestannlege Kristoffersen.