Når arbeidet byrjar for fullt, blir brua heilt stengt
Vallaråi bru i Seljord blir tidvis døgnstengt når Statens vegvesen skal halde ved like brua.
Dei gamle asfaltfugene på Valleråi bru i Seljord er skada og skal bli erstatta med nye stålfuger. Stålfugene skal ta opp rørslene i brua på ein betre måte enn dei gamle, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.
– Av konstruksjonstekniske årsaker må me mellom anna forkorte bruplata med om lag ein meter, og dessutan at me må forlenge landkarveggen for å få etablert dei nye stålfugene. Kantdragaren i heile bruas lengde vil også bli rehabilitert når me først er på plass. Dette er ein relativt omfattande jobb, men me har eit mål om å ferdigstille brua innan utgangen av juni, seier byggeleiar Lars Erik Hegg i Statens vegvesen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vedlikehaldet av Valleråi bru har alt begynt, og brua er nå lysregulert. Når fugene skal bli montert, blir brua heilstengt i om lag to veker. Viss alt går etter planen, skjer det i perioden 13. mai – 2. juni.