Sylvmedaljane var gull verdt
BARDU: Jan Rune Grave var ein lykkeleg mann etter at årets noregsmeisterskap på ski hadde gått inn i historia som eitt av dei mest vellykka. To sylvmedaljar blei det på Kviteseid-guten som er tilbake i god, gamal form.
Eg er veldig fornøgd med det eg har prestert her i Bardu. Medalje var målet då eg reiste nordover. To sylvmedaljar er kanskje litt i overkant, sa Jan Rune då Vest-Telemark Blad prata med han sundag kveld.
Eit døgn tidlegare blei det andreplass i normalprogrammet. Magnus Hovdal Moan var den einaste som klarte å hamle opp med Vrådal-utøvaren. Den lovande trøndaren har styrken sin i langrennssporet. I Bardu fekk han til to gode hopp i den fyrste konkurransen. Hovdal Moan var heldig med forholda i andre omgang. Det lokale håpet var det motsette. Då han skulle sette utfor var det nesten ikkje oppdrift. For Jan Rune sin del var kanskje det forskjellen på det øvste og nest øvste trinnet på sigerspallen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tru på topp-plassering
Eg forsto etter hopprennet at det var gode mogelegheiter til å kome på pallen. Eg var klar over at det ville bli vanskeleg å slå Hovdal Moan ettersom han har imponert i verdscupen den siste tida. Espen Rian meinte eg det skulle vera fullt mogeleg å hente. Rian har nemlig slite i sporet dei siste vekene, sa Grave.
For han var sylvmedaljen gull verdt. På sundagens sprint kjende 26-åringen lukta av gull. Espen Rian, som vann hopprennet, blei passert etter halvannan kilometer. På det tidspunktet gjekk Jan Rune og laurdagens vinnar saman. Magnus Hovdal Moan henta tidlig inn dei fire sekundane som skilde dei to største favorittane. Dei to gjekk lenge saman. Då Hovdal Man fekk eit fall, tok Grave teten. I ettertid ser han at det kanskje ikkje var så lurt.
Brente mykje krut
Grave brente ein god del krut og hadde ikkje krefter igjen då Hovdal Moan sette inn det avgjerande støyten. Like etter innkomst var Grave skuffa over at det ikkje blei gull, men då han hadde fått løpet på avstand gleda han seg over sylvmedalja. Jan Rune stadfesta at han sette stor pris på de to sylvmedaljane han fekk rundt halsen. Dermed er medaljesamlinga i NM-samanheng komplett. Gullmedaljen sikra han seg på heimebane for to år sidan. Den hardtsatsande vrådølen har fleire bronsemedaljar på samvetet etter at han blei senior.
Det er høgt nivå og vanskeleg å kome på pallen. Eg kan ikkje hugse at det har vore så mange potensielle medaljekandidatar dei siste åra som det var denne gongen, seier Grave.
Korleis er programmet ditt framover?
Eg reiser til prøve-VM i Oberstdorf neste torsdag. Dei neste vekene skal eg kjempe om verdscup-poeng i Tyskland, Tsjekkia, Finland og Noreg. Eg ser sjølvsagt fram til dei to renna i Holmenkollen, men håpar å gjera ein god figur i Mellom-Europa før me kjem så langt. Det har losna for meg i hoppbakken den siste tida. Derfor er eg spent på fortsetjinga. Det bør vera mogeleg å forbetre samanlagtposisjonen i World Cup. Med god utteljing kan eg bli blant dei tjue beste i samandraget, seier Jan Rune, som ikkje har tatt stilling til vidare satsing. Fyrst skal han gjera unna denne sesongen som ser ut til å bli den beste på mange år.
Det freistar med VM og dei olympiske vinterleikane året etter. Men alt har sin pris.
Eg har fått føle på kroppen at det er vanskelegare å ta opp kampen med dei beste så lenge ein ikkje er på elitelaget. Det er den økonomiske biten som er tyngst. Me får sjå kva det blir til, uttalar Grave.