Vårteikn i Rauland
Ikkje før tek isen til å gå opp i Bituosen i Totak, så er dei der, dei store fuglane. Forlengst har ropet frå grågåsplogen ljoma over isen, dette merkelege fenomenet som fører lengt og uro med seg.
Tranene, dei langfota, langhalsa og majestetiske fuglane. Ropet deira søkk i hjartaet. Eit bod frå framand land, der ibis og flamingo står urørlege. Alt lokkar og dreg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samstundes med desse vårfuglane, står ein dag ein stor fugl ved elvekanten. Fuglen har larveføtter, rører seg langsamt og kan slett ikkje fly. I staden for lokkande song, brummar han. Han løfter den lange halsen, strekkjer han ut, opnar gapet og tek ein stor jafs.Så svingar han halsen til sida og slepper byttet ned. Gong etter gong, umetteleg. Det er noko uhyggeleg.
Men det sit eit menneskje derinne som styrer det heile. Og etter kvart blir ein full av undring kor presist og elegant han styrer, løfter, strekkjer, svingar, grip og slepp. Ja, så ynskjer ein også den fuglen velkomen. Vår etter vår etter vår.
Åsta Østmoe Kostveit