Kjell Magne Grave (Ap) blei valt til ny varaordførar i Tokke etter at Marie Seltveit (H) bad om fritak. – Kjell Magne er på opplæring i kveld, smilte ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap).
Kjell Magne Grave (Ap) blei valt til ny varaordførar i Tokke etter at Marie Seltveit (H) bad om fritak. – Kjell Magne er på opplæring i kveld, smilte ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap).

Ny varaordførar i Tokke

Etter at Marie Seltveit (H) bad om fritak frå alle politiske verv i resten av kommunestyreperioden, måtte politikarane i Tokke velje ein ny person til verva som Seltveit hadde.

– Eg røystar for at me gjev Marie Seltveit fritak i samsvar med søknaden hennar, sa Håvard Ole Holstaa (Ap) då saka blei handsama i kommunestyret i Tokke tysdag.

Seltveit var, i tillegg til å vere varaordførar, også medlem av formannskapet, kommunens medlem i vassområdeutvalet for Nidelva vassområde, varamedlem for ordføraren i kraftutvalet, vara for ordføraren til landsmøtet i LVK, vara for ordføraren til landsmøtet i USS, vara for ordføraren til generalforsamlinga i IKA, vara for ordføraren til fylkeskrinsen av KS og vara for ordføraren til representantskapen for Renovest IKS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samrøystes for Grave

– Tokke Ap ynskjer saman med Høgre og Kristeleg Folkeparti å fremje representanten Kjell Magne Grave frå Arbeidarpartiet som ny varaordførar. Eg føreslår også at han går inn i dei andre verva som Seltveit har hatt, sa Holstaa.

Grave blei samrøystes vald til ny varaordførar.

Marie Seltveit bad før nyttår om fritak frå alle politiske verv på grunn av helsemessige årsaker. Ho ynskte den gong ikkje å gå nærare inn på søknaden, og det gjer ho heller ikkje no.

– Utover innhaldet i brevet der eg bed om fritak, har eg ingen kommentarar, seier Seltveit til VTB.

– Ivareta kommunens interesser

Kjell Magne Grave seier han vil gjere det beste han kan for partiet og kommunen i den nye rolla.

– Eg har ikkje nokon programerklæring å kome med. Fyrsteprioriteten blir å ivareta kommunens interesser. Det er viktig med saklege diskusjonar og det er viktig i eit kommunestyre å vere samde om å vere usamde i ein del saker, seier Grave.

Tokke Høgre og Tokke Arbeidarparti inngjekk eit samarbeid før valet hausten 2011. VTB spurde Tokke-ordførar Hilde A. Vågslid (Ap) kva fylgjer det vil få for samarbeidet at Seltveit trekte seg.

– Me har hatt fleire samtaler med Høgre og samarbeidet kjem til å halde fram. No blir ikkje partiet representert i formannskapet framover, og det betyr at me får eit større ansvar for å informere dei. Eg har god tru på eit godt samarbeid i tida som kjem også, svarar Vågslid.