Har framleis mange utfordringar
Talet på politisaker i Tokke, Kviteseid, Vinje og Fyresdal er redusert dei siste åra, men lensmann i Kviteseid, og driftsleiar for regionen, Geir Kjartan Lid, ser framleis mange utfordringar.
Lensmann i Kviteseid, Geir Kjartan Lid, er driftsleiar for politidistriktet som omfattar Kviteseid, Tokke, Vinje og Fyresdal, og la førre veke fram tala som viser lovbrot i dei fire av Vest-Telemark kommunane.
Han trekkjer i fyrste omgang fram positive tendensar som viser at talet på større og mindre brotsverk er redusert frå 819 i 2003 til 616 i 2005.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nedgang
Det er ein generell nedgang i alle kommunane, me ser også at 359 saker vart etterforska i 2005, det er 89 færre saker enn året før. Me kan sjå at kriminalitetsstatistikken går nedover på det tredje året, melder lensmannen.
Han viser til at det er den lokale kriminaliteten minkar.
Det har til dømes vore eit godt år i Kviteseid, det er den mobile kriminaliteten som trekkjer statistikken opp i regionen, seier Lid.
Han er ikkje heilt nøgd med oppklaringsprosenten, sjølv om det vart gjort ei rekkje oppklaringar rett før årsskiftet i Kviteseid. Desse tala vil ikkje vise seg før på neste års statistikk.
Oppklaringsprosenten for regionen innanfor brotsverk er 40,6 og mindre lovbrot 82,9, opplyser lensmannen.
Utfordring
Det som er uheldig er at det har vore ein del alvorlege trafikkulykker på vegane i dei fire kommunane. Det er fleire år sidan me har hatt så mange tilfelle. Her er det klart at ein må kome meir på banen, og ta tak i problemet. Korleis me skal få folk til å høyre, vil vere ei pedagogisk utfordring. Det er i alle fall sikkert at det er viktig at noko skjer, seier Lid.
Kome på banen
Han er også oppteken av at politiet må kome meir på banen når det gjeld narkotika.
Ein må ta meir fatt i sal, distribusjon og bruk. Kanskje det er lurt å spesialisere ulike personar innanfor ulike saker. Om til dømes ein betjent er dyktig innanfor eit område er det ikkje i vegen at han skal drive med saker som dette i regionen, seier lensmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han meiner også at fleire skal ta ansvaret for å kjempe mot narkotikaproblemet. Han vil gjerne sjå at fleire engasjerer seg saman med politiet. Då tenkjer han på skule, foreldre, helsevesenet og kommunen.
Eg trur ein burde setje av midlar til å kjempe mot narkotika, og jobbe saman, seier Lid.
Tal på saker frå politiet
For Kviteseid, Nissedal, Tokke og Vinje kommunar (Tal for 2004 i parantes)
Økonomi (5) 2
Vinning (248) 219
Vald (42) 34
Sedelegheit (3) 2
Narkotika (61) 38
Artikkelen held fram under annonsen.
Skadeverk (41) 27
Mindre lovbrot (251) 257
Trafikk (186) 197
Andre (41) 32