Set vedlikehaldet på vent av frykt for fleire brannar
Statens vegvesen melder at dei tar brannfaren på alvor og stoppar all kantslått langs europaveg, riks- og fylkesveg.
Aktivitetane opphøyrer klokka 16 i ettermiddag, skriv Vegvesenet i ei pressemelding torsdag.
– Etter eit møte mellom vegaktørane på europa-, riks- og fylkesvegnettet har me bestemt å stoppe aktivitetar som kan vera brannfarlege. Me sit på eit stort samfunnsansvar og lyttar derfor til brannvesenets klare tilrådingar om å stoppe all aktivitet som er brannfarleg, langs vegane, seier Tore Jan Hansen i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette gjeld for områda Agder, Vestfold og Telemark, og gamle Buskerud, der det er knusktørt og Meteorologisk institutt melder oransje farevarsel – stor skogbrannfare.
Stoppen i arbeidet vil vare til det kjem nedbør, melder Vegvesenet.