Forfattar og journalist Arild Bye. (Pressefoto)
Forfattar og journalist Arild Bye. (Pressefoto)

Om Kristofer Uppdal i Telemark Kyrkjeakademi

Forfattaren og rallaren Kristofer Uppdal er eit kjent namn i Telemark. For om lag hundre år sidan jobba han på anlegg både på Notodden og Rjukan. Han var rallar om dagen og skreiv om natta. Best kjent er truleg romanrekka «Dansen gjennom skuggeheimen» der han skriv om rallarlivet og framveksten av arbeidarbevegelsen. Men kor godt kjenner me eigentlig Kristofer Uppdal?

Søndag 20. oktober er det mogleg å bli betre kjent med ham. Då arrangerer Notodden historielag og Telemark Kyrkjeakademi møte i Notodden menighetshus der Arild Bye (57) kåserer om Kristofer Uppdal under tittelen «Ein mot alle». Tittelen er henta frå Uppdal-biografien «Kristofer Uppdal. Ein mot alle» som Bye har skrive.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om Uppdal skriv Bye mellom anna: «Han er politisk reformist, trur på ei gradvis sosial omforming av samfunnet og står last og brast med parlamentarismen, meiner arbeidarrørsla kan vinne samfunnsmakt den vegen og ein dag sikre seg fleirtal gjennom røystesetelen. Han seier det i 1918, da landa i Europa er i ferd med å drepe kvarandre i eit blodbad ein aldri før har opplevd.» ... «Ettertida kan finne djup klokskap i mykje av det han skriv, og samhug med tankane hans, på ei rad felt. Vi kan sjå at han i mange høve fikk rett, enda om samtida ikkje såg det. Det er ein vond ståstad. Å få rett når ein har levd ferdig, gjev lite av ære i livet. Uppdal døydde i denne posisjonen, mest som glømt av si tid.»

I tillegg til kåseriet lovar arrangørane servering med skikkelig «rallarsuppe», melder Odd E. Johansen i Telemark Kyrkjeakademi.

Rallarar: På Tinnosbanen, 1908.

På Tinnosbanen, 1908.
På Tinnosbanen, 1908.